Når vi møter Margareth Alnes ein grå føremiddag i desember, har ho allereie gjort ferdig ei treningsøkt nokre timar tidlegare.

– I vaksen alder har eg byrja å føretrekke å ta treninga på morgonen, gjerne klokka sju. Då får eg god tid til å gjere treninga og det er då det er færrast folk på treningssenteret, seier Alnes.

Margareth Alnes har omkring fem treningsøkter kvar veke. Foto: Marius Simensen

Tren regelmessig

Med avgrensa tid til trening, mellom jobb og andre daglege gjeremål, kan ein tenkje det er lurt å få mest mogleg utbyte av treninga ein gjer.

Jonny Hisdal er professor og fysiolog ved Oslo universitetssjukehus og Universitetet i Oslo. Han fortel at det ikkje er eit konkret tidspunkt i døgnet som er best for treningsutbytet.

– Den beste treninga er den du held på med regelmessig og over tid. Tidspunktet du trenar spelar mindre rolle, så lenge du trenar.

Hisdals råd er å legge treninga til det som er praktisk i forhold til din livssituasjon og daglege gjeremål.

– For mange vil morgontrening som kan kombinerast med reise til jobb væra praktisk og effektivt. Dei fleste vil nok også oppleve det som ein fin start på dagen når ein først har kome seg ut, og det kjennest godt å få gjort unna treningsøkta før andre viktige ting på dagen. Du må berre finne tida som er ledig.

Margareth Alnes trenar på morgonen. Då får ho god tid og god plass til å trene. Foto: Marius Simensen

To tidspunkt å unngå

Sjølv om Margareth Alnes helst trenar om morgonen, er ho open for å trene når som helst i løpet av dagen, utanom to tidspunkt.

– Eg trenar også på kvelden, men aldri rundt middag eller nært leggetid. Når det nærmar seg middag, må eg heim til barn. Dersom eg trenar nært leggetid, får eg ikkje sove, kroppen blir oppspilt.

Det er smart, meiner Jonny Hisdal.

– Å trene hardt på kvelden er ikkje bra for søvn. Kroppen får mykje adrenalin som gjer det vanskeleg å sovne. Ein lett jogg kan fungere for nokon, men dei fleste vil få problem om dei trenar hardt eller intensivt rett før dei skal legge seg. Og å trene, for eksempel, intervall tett etter middag, vil for dei fleste avgrense treninga.

Truls Raastad jobbar med forsking knytt til muskulære tilpassingar til trening. Han seier dei fleste er litt sterkare mellom klokka 14 og 18. Foto: NIH

Yte best

Truls Raastad er professor i idrettsfysiologi ved Institutt for fysisk prestasjonsevne ved Norges idrettshøgskole. Han fortel at det er litt variasjon i når på døgnet ein yter best på trening, men i eksplosiv styrke presterer ein best på ettermiddagen, mellom 14 og 18.

– Då er du eit par prosent sterkare og hoppar eit par prosent høgare enn om morgonen, seier Raastad.

Eit forskingsprosjekt såg på styrkeframgang og muskelvekst i to grupper som trente styrketrening, den eine gruppa på morgonen og den andre på kvelden.

– Styrkeframgangen var lik i dei to gruppene, men med det større spreiing i effekt på morgongruppa, seier Raastad.

Dette meiner han er avhengig av kva type menneske ein er. A-menneske vil ha like god effekt på morgonen som ettermiddagen, medan det vil vere større forskjell blant B- og C-menneske.

Den beste treninga er den du gjer regelmessig, seier Jonny Hisdal ved Oslo universitetssjukehus og Universitetet i Oslo. Foto: Fredrik Naumann/Felix Features

Felles konklusjon

Konklusjonen til Hisdal og Raastad er den same. For folk flest er det viktigaste å trene regelmessig. Det er ikkje så viktig når ein gjer det, så lenge det ikkje er for nært midnatt eller etter middag.

– Om du for eksempel føler du får overskot av ei morgonøkt, ville eg valt det. Om du er eit B-menneske som treng meir tid på å få kroppen i opp om morgonen, kan du ta det seinare, seier Raastad.

Som personleg trenar får Margareth Alnes fleire spørsmål frå kundar om når det er best å trene. Foto: Marius Simensen

Som personleg trenar og leiar av eit treningssenter får Margareth Alnes ofte spørsmål frå kundar om treningsstidspunkt. Men det er sjeldan det er spørsmål om når dei får mest utbyte av treninga eller når dei yter best.

– Dei vil vite når det er færrast på treningssenteret slik at dei kan trene då. Folk flest vil berre trene når dei kan, og er avhengige av å få til treninga rundt jobb, seier 44-åringen.