DEBATT: Fleire leiande representantar for Senterpartiet seier til Steinkjer24 den 15. juni at dei ikkje ser noko problem med kravet om at ein må vere medlem i Senterpartiet for å ha tillitsverv og å kjøpe aksjar i selskapet AS Nord-Trøndelag. Selskapet eig meir enn 50 prosent av Trønder-Avisa, og er såleis bestemmande aksjonær i mediekonsernet.

Til Steinkjer24 seier styreleiar Kolbjørn Almlid at han har vore i Oslo og at han ikkje har fått med seg debatten om eigarskap, medan forsvarsminister (og aksjonær i AS Nord-Trøndelag) Bjørn Arild Gram har vorte så rotfast i hovudstaden at han ikkje svarar på førespurnaden frå nettavisa i heimkommunen.

Eg vil igjen gi ros til redaksjonen i Trønder-Avisa for god journalistisk dekning overfor alle parti i Trøndelag. For det drives i dag vanleg journalistisk dekning ovanfor eigarparti i Trønder-Avisa, men det er problematisk at alle tillitsvalte  for majoritetseigaren sit i styret på grunn av si politiske tilknyting.

Anne Irene Myhr er nyvalt leiar for representantskapet i AS Nord-Trøndelag. Ho seier at norske mediehus har ulike eigarar, og at AS Nord-Trøndelag ønskjer å ivareta eit lokalt og regionalt eigarskap til Trønder-Avisa. Det er bra, og ein skal ikkje sjå langt bort frå Steinkjer for å finne døme på eit eigarselskap i ei avis som og har same føremål. Dømet er Levanger-Avisa AS som eig 50 prosent av Mediehuset Innherred. I Levanger-Avisa AS kan ingen aksjonær stemme for meir enn ein aksje på generalforsamlinga (utan noko krav om medlemskap i eit politisk parti), medan i AS Nord-Trøndelag er det krav om medlemskap i Senterpartiet for å stemme.

I det store og heile vart partipressa avvikla i åra mellom 1970 og 1990, og ho synest ikkje lengre i avisspaltene. Da bør partitilhøve heller ikkje bli reflektert i styreromma eller på eigarsida. Derfor bør alle krav om tilknyting til Senterpartiet i vedtektene til AS Nord-Trøndelag bli fjerna, da kravet om å vere medlem i eit politisk parti for å utøve eigarskap ikkje heng saman med tida vi lever i, og fordi at ei avvikling av kravet om partitilhøve er til det beste for integriteten til Trønder-Avisa.

_____________

Har du lyst å delta i debatten hos Steinkjer24? Send debattinnlegg til redaksjon@steinkjer24.no.