Trønder-Avisa er i dag eigd av selskapa AS Nord-Trøndelag (51%) og Polaris Media (10%). I tillegg er eigarskapet til cirka 38 prosent av aksjane omstridt mellom selskapa AS Nord-Trøndelag, LL Inntrøndelagen, Polaris Media og styret i Trønder-Avisa AS. Av historiske grunnar blir eigarskapet i den største eigaren – AS Nord-Trøndelag – framleis knyta til medlemskap i eit politisk parti. Det kravet kjem frå den tida at avisene var forlenga organ for partiapparata.

Bak AS Nord-Trøndelag står det ei rekkje med medlemmer i Senterpartiet, medan den omstridde aksjeposten på 38 prosent kjem frå det tidlegare venstreeigarselskapet LL Inntrøndelagen. Det siste selskapet moderniserte vedtektene og losna på partigrepet for nokre år tilbake.

På mange måtar har det lokale (parti-) eigarskapet vore ei velsigning for Trønder-Avisa. Reint prinsipielt er det derimot ikkje bra at politiske parti er involvert i drifta av ei avis, og sjølv om Trønder-Avisa ikkje praktiserer formell partilojalitet overfor sine eigarar, gir partitilknytinga bindingar mellom partimedlemmer og redaktør som formelt sett ikkje er heldige.

Eg vil gi ros til redaksjonen i Trønder-Avisa for god journalistisk dekning overfor alle politiske parti i Trøndelag. For det drives i dag vanleg journalistisk dekning overfor eigarparti i Trønder-Avisa, men mesteparten av representantane for majoritetseigaren AS Nord-Trøndelag, sit i styret på grunn av si politiske tilknyting. Det har vore tradisjon for at Senterpartiet «har styreleiaren», ei rolle som tidlegare Sp-profil Kolbjørn Almlid no har. Vidare har eg forstått det slik at den noverande ordføraren i Steinkjer er leiar i Trønder-Avisa AS si generalforsamling. Om det er riktig, blir den rolla altså ivaretatt av den aktive Sp-politikaren Anne Berit Lein. Om ho har forfall til generalforsamlinga, går rolla som leiar i selskapsorganet over til Inderøy-ordførar Ida Stuberg.

Ein kan stille følgjande retoriske spørsmål om denne samansetjinga: «Er det bra for avisa at sjefredaktøren rapporterer til ein styreleiar og styremedlemmer frå eit politisk parti?» Eg trur at svaret på det spørsmålet er nei, og sjølv om integriteten og intensjonane til alle partane er den beste, er denne rolleblandinga prinsipielt uheldig.

Stort sett forsvann partipressa i åra mellom 1970 og 1990, og ho synest ikkje lengre i avisspaltene. Da bør partitilhøve heller ikkje bli reflektert på eigarsida eller i styreromma. På eit reint prinsipielt grunnlag er dette derfor ei uheldig tilnærming for på kva måte eigarskapet i Nord-Trøndelag sitt største mediekonsern blir praktisert på; og det representerer ikkje ei ønska utvikling om kva for prinsipp som skal ligge til grunn for eigarskap i norske medium i 2022. I 2022 bør strategiar for eigarskap i media knytte seg til korleis ein kan byggje ned partitilknyting, ikkje til å oppretthalde konserverande eigarstrukturar.

_____________

Har du lyst å delta i debatten hos Steinkjer24? Send debattinnlegg til redaksjon@steinkjer24.no.