Ekteparet Stig Folstad og Elisabeth Hoem i Hoem og Folstad Arkitekter gledde seg over oppdraget. Å få teikna ein fritidsbustad på ei vestvendt kremtomt på toppen av ein ås kor det er panoramautsikt til Stavanger og ei rekke øyar i Ryfylke-bassenget.

Stova svevar nesten i lause lufta. Foto: Jonas Haarr Friestad

– Her fekk me mykje servert på eit sølvfat, som sol og utsikt på same side, og me gjekk ivrig i gong. Me enda først opp med ei ganske konvensjonell løysing med to avlange bygg med eit tak mellom. Då me granska den ferdige modellen, skjøna me at dette hadde me sett tusenvis av gonger. Denne tomta fortente meir, fortel Stig Folstad.

Han og kona har i 25 år arbeidd side ved side i lokala i Høleberggata i Stavanger. Ekteparet set mykje av æra si i å vera originale og aldri gjenta seg sjølve.

– Sidan det er berre oss to i firmaet, kan me unna oss å vera meir leikne og eksperimentelle. Dette hadde vore vanskelegare om me hadde hatt mange tilsette å ta omsyn til. Kvar tomt må ha si eiga planløysing. Omgjevnadane rundt betyr mykje for form og utsjånad på eit bygg.

Lyst til å laga borg

Motstridande ønske er ofte utfordringa i møte med slike tomter, fortel Stig. Arkitekten får lyst til å lage eit kneisande platå utan omsyn til omgjevnadane. På den andre sida ønsker arkitekten samstundes å spela på lag med terrenget og bygga seg inn i naturen utan for mange inngrep.

Ringmuren blei støypt rett på berget. Foto: Jonas Haarr Friestad
Frå terrassen har hyttefolket vidt utsyn over ei rekke ryfylkeøyar. På ein klar dag kan dei også sjå Stavanger. Foto: Jonas Haarr Friestad

Brått fekk arkitektparet ideen om å laga eit pyramideforma hyttehus.

– Tenk deg ein pyramide som du kuttar diagonalt. Deretter brettar du dei to delane til sides og parallellforskyv dei. Mellom desse legg du ein terrasse, også denne trekantforma. Der har du heile hytta på Fister. Me er svært glade for at byggherren blei like begeistra for grepet som me gjorde, påpeiker Stig.

Arkitektar elskar oppdragsgjevarar med sansen for det lille ekstra. Stig fortel at 70 prosent av tida går med til arbeidet med å laga ei skisse. Dei resterande 30 prosenta går meir av seg sjølv.

Bygginga av hytta starta i august i 2010, og ho stod ferdig i februar 2012.

Bygning kontra natur

Arkitektane valde å la bygningen danna ein stor kontrast til naturen rundt.

– Hytta ligg som ein bastion, eit stempel i fjellet, medan skogen får krypa inn frå alle kantar rundt. Hytta blei bygd utan at det trong å sprengast bort noko fjell, fortel Stig.

Med det same du kjem inn hovudinngangen, faldar panoramautsikta frå det store allrommet seg ut i all si prakt. Sidan denne delen av bygningen står på søyler, får ein ei kjensle av å sveva over landskapet i stovedelen.

Taket i hovudbygget og veggene i annekset er dekte av kvitbeisa og lakkerte finerplater. Platene er kvitbeisa og lakkerte for å hindra at dei mørknar. Det er mykje fargespel i platene. Dei forandrar seg med lyset, og i kveldinga skimrar dei i gult. Slike plater er mykje brukt i danske og amerikanske hus.

Golvet i heile huset er eik.

Den andre delen av «pyramiden» ligg meir tilbaketrekt. Den delen husar garasje, boder og gjesteanneks med to soverom, bad og kjøkken. Det totale buarealet er på 160 kvadratmeter, og alt ligg på eitt plan. Mellom dei to «pyramidane» ligg ein romsleg terrasse.

Pyramidefasongen er godt synleg også innomhus. Her frå allrommet. Foto: Jonas Haarr Friestad
Dette danske designbordet er kjøpt brukt. Foto: Jonas Haarr Friestad
Utsikta frå allrommet er formidabel. Her kan ein sjå fleire øyar i Ryfylke-bassenget. Foto: Jonas Haarr Friestad
Denne terrasse-kameleonen frå Borowski blir lyssett om kvelden. Foto: Jonas Haarr Friestad

Tre og betong

Utvendig er tak og veggar kledd med malmfuru som skal få gråna av vêr og vind. Stig Folstad fortel at dei ville ha material som går mest mogleg i eitt med naturen. Å leggja tak i glinsande metall ville vore uaktuelt på ein så godt synleg bygning.

Taket i hovudbygget og veggene i annekset er dekte av kvitbeisa og lakkerte finerplater. Overflaten på platene er eit søramerikansk treslag som heiter arauco. Golvet er av eik. Foto: Jonas Haarr Friestad
Fritidsbustaden på Fister inneheld både betong og tre. Foto: Jonas Haarr Friestad

Bygget har også store parti med betong.

– Me ville at det skulle bygga seg opp som ei borg i landskapet. Gråtonen i betongen kler berga rundt.

Paret satsar på å arbeida i tospann i fleire år til.

– Kona og eg er like sære. Det kan bli mykje krangling i prosessen med å teikna ein bygning, men me kranglar på ein god måte. Men likevel, dette er nok eit argument for å berre vere oss to i firmaet. Då slepp me å utsette tilsette for disputtane våre.

Arkitektane fekk frie tøylar til å foreslå løysingar. Oppdragsgivar er særs nøgd og rosar arkitektane for å klekt ut mange gode løysingar dei sjølv ikkje hadde tenkt på.