Han har i alle år elska stølar, men stølane følgjer gardane og er ikkje lette å få tak i. Dermed bygde Aleksander Amdal frå Tau si eiga stølshytte i Holtaheia.

Hytta er også inspirert av ei jakthytte, om enn i ein moderne og utvida versjon.

Kvile i oppvasken

I si 35 kvadratmeter store hytte har 30-åringen teke tilbake det enkle hyttelivet kor ein må bera vatn og vaska opp for hand i ein balje.

Aleksander Amdal må gå i rundt ti minutt før han er framme på hytta i Holtaheia. Hunden Cliff er alltid med. Foto: Jonas Haarr Friestad

– Dessverre er det mobildekning her oppe. Hyttelivet gir meg likevel ro til å lesa aviser og høyra på radio, aktivitetar det blir lite tid til heime, forklarer Aleksander.

I heia rundt hytta jaktar han, spring og syklar på stiane. Ofte reiser han opp rett etter jobb, så hytta er mykje i bruk.

Han jobbar hjå Ryfylke Trelast. Også i arbeidet sitt ser han at fleire er på veg tilbake mot det enklare hyttelivet.

– Folk vil ha variasjon mellom heimen og hytta. Du treng ikkje kunna sjå tv begge stader. Eg finn fred i det å vaska opp. Er eg her åleine, held det å bera inn to bøtter vatn for ei helg.

Om sommaren har Aleksander sol til klokka 22.00 på det meste. Skinna er frå hjortar han sjølv har skote i Suldal. Foto: Jonas Haarr Friestad

Vatnet hentar han i Lauvåsvatnet. Drikkevatnet reinsar han om sommaren ved hjelp av gravitasjon i ein vassreinsar utanfor hytta for å unngå eventuelle bakteriar frå sauer om sumaren.

Det betyr enkelt forklart at han slår vatn øvst i vassreinsaren og let vatnet renna gjennom eit reinsefilter.

Ofte er gjester med. Hytta har to soverom med totalt seks senger. Ligg folk på golvet på hemsen i tillegg, kan hytta fint romma rundt ti personar.

Veggane inne i hytta er kledde med slett panel. Panelet er beisa med ein farge som heiter stølsgrå. Foto: Jonas Haarr Friestad

Pizza i peisen

Aleksander likar å laga skikkeleg mat når han er på hytta. Kokkeleringa skjer på gasskomfyren og i omnen frå Bulgaria. Denne omnen er kombinert peis og steikeomn. På ei steinplate tryllar han fram både pizza og brød.

– I steikeomnen kan det bli opptil 400 grader, så det går fort å steika pizza.

Hytta har også solcellepanel.

Aleksander tykkjer han har nytta kvadratmetrane godt. Midt inne i stova er det fire meter til taket, noko som gir ei god romkjensle. Kostnadseffektiv har han også prøvd å vere.

– Eg har vald å kjøpa ferdig beisa og lakka materiale til veggar og golv. Dersom du reknar inn eigeninnsats og kjøp av beis og lakk, blir prisen omtrent den same, påpeiker han.

Hytta ber preg av Aleksander Amdal si store interesse for jakt. Dette er skallen til ein polsk hjort. Foto: Jonas Haarr Friestad

Hytta ligg 450 meter over havet ved Lauvåsvatnet. Det er likevel ikkje nok til å sikra stabilt snøføre om vinteren. Hytta er difor mest i bruk sommar og haust.

– Eg venta fånyttes på scootervêr i vinter, slik at eg kunne fått køyrd opp, men det ser ut til at eg får gå i gong og hogga veden her oppe i staden, konkluderer han.

Langt mellom hyttene

Det er totalt 40 hyttetomter (festetomter) i dette området av Holtaheia. 20 av tomtene er utbygde. Dei ligg spreidd i terrenget, og Aleksander set pris på at ein kan vera på hytta utan å bli uroa av trafikk.

Sjølv må han gå i snaue ti minutt frå grusvegen før han er framme ved hytta. Han reknar ikkje med å få fleire hyttenaboar med det første, men han ser stadig folk i området sidan hytta ligg nær stien til Lauvåsen, som er eit populært turmål i Strand.

Hytta ber preg av Aleksanders stor jaktinteresse. Like ovanfor spisebordet heng eit overhendig eldhovud.

Dyrehovud av elg, hjort og rådyr går igjen som dekor i heile hytta. Skyvestigen opp til hemsen kjem frå Suldal Trevare. Foto: Jonas Haarr Friestad

– Denne elgen er den største eg har skote. Den blei felt i 2010 i Årdal. Han vog 340 kilo, og me flaug han ut med helikopter. Nå seier rykta at det går ein endå større elg rundt i bygda. Den ser eg fram til å jakta på til hausten.

Hytta er elles pynta opp med hjort- og rådyrhovud. Aleksander jaktar både i inn- og utland, og hans kjærleik for stølar har ført til at han leiger nokre stølar andre stader.

– Men det tek fleire timar å reise til desse stølane. Difor er det praktisk å ha sin eigen støl like i nærleiken i tillegg, konkluderer han.

Aleksander, som er tømmermann, starta bygginga av hytta i juli i fjor og tok henne i bruk i desember.

Berget fungerer som ein terrasse. Herifrå kan ein sjå Fister, Ombo, Grytenyten, Skaulen og Snønuten. Foto: Jonas Haarr Friestad
Detalj frå veggen over sofaen i stovekroken. Foto: Jonas Haarr Friestad

Fleire av dei som har vore på besøk, ønsker å byggje noko liknande. På utsida er hytta kledd med vedlikehaldsfri kledning som skal få gråna. Vindauga er trekte inn i veggen og har ikkje lister i tråd med moderne byggeskikk.

Fredfull utsikt frå spisebordet. Foto: Jonas Haarr Friestad

Naturen er leikegrind

Det er mykje vilt i området rundt hytta, både elg, rådyr og hjort. I Lauvåsvatnet finst det rikeleg med fisk.

På eit berg ovanom vatnet er Aleksander i ferd med å leggja til rette for ein klatrevegg, for han er ein kar som likar å dyrka mange ulike aktivitetar.

Og to hengekøyer er på plass nedanom hytta til late dagar då han berre vil kvile og lytte til lyden av fuglar og vind.