DEBATT: Fastlegekrisa har blitt omtalt i utalege kronikkar og nyhetsartiklar dei siste par åra, med eit oppsving rundt publikasjonen av rapport om Oppfølging av handlingsplan for allmennlegetjenesten, frå Helsedirektoratet i mars 2022. Denne viser at fastlegane blir eldre, fleire gir opp karriera tidlegare og færre rekrutterast inn i fastlegeordninga.

Mangelen på fastlegar er òg ei pasientkrise. Rapporten anslo at rundt 150 000 innbyggarar var utan fastlege, med ei aukande negative utvikling. Både Helsedirektoratet i sin rapport, Legeforeininga og enkeltleger har over dei siste månadane peikt på eit sannsynleg aukande helsetenestetilbod av heilprivate allmennlegetenester.

Fastlegeordninga vart innført med mål om sikre god tilgang og likeverdige allmennlegetenester uavhengig av til dømes bustad, økonomi og helse. Private allmennlegetenester som tilbyr konsultasjonar ansikt-til-ansikt, er hovudsakleg til stades i større byer (sørpå?), medan digitale, og dermed nasjonalt dekkande tenester òg framstår aukande. Helsedirektoratet uttrykker frykt for at ei svekka kommunal fastlegeteneste og framvekst av heilprivate tenester vil medføre ulik tilgang til og aukande skilnadar i helse og helsetenestebruk, som vil gå mest utover pasientar som er sårbare grunna lågare sosioøkonomiske ressursar eller dårlegare helse.

Som forskarar på bruk av helsetenester i Noreg meiner vi at samspelet mellom og konsekvensane av denne kombinerte fastlege- og pasientkrisa og mogleg veksande heilprivate allmennlegetenesta, er høgaktuell å studere nærare. Til vanleg er norske data unikt gode i verdssamanheng, då det er mogleg å koble ulike registerdata på personnivå. Slik kan vi beskrive og analysere bruk av helsetenestene og blant anna avdekke om det er forskjellar i aktivitet mellom regionar eller mellom sosiale lag og andre sårbare grupper. Vi kan evaluere helsereformer og -tiltak og generelt opplyse departement og politikarar, og slik styrke kunnskapsgrunnlaget i helsepolitiske val.

Med dette innlegget vil vi varsle om at òg forskinga er råka, i denne pågåande fastlege- og pasientkrisa. Vi skriv «sannsynleg» og «framstår» aukande om heilprivate allmennlegehelsetenester, fordi det manglar registrering av aktiviteten i desse. Det er altså ikkje mogleg å vise samspelet mellom fastlegeordninga og heilprivate allmennlegetenester.

Kor mange fastlegar går over i heilprivat praksis? Korleis påverkar dette arbeidstrykket hos dei resterande legane i fastlegeordninga? Kva karakteriserer pasientane som nyttar private tenester jamført offentlege? I eit vidare perspektiv, private tenester kan framstå effektive med omsyn til tid, med time på dagen, men kor effektive er dei med omsyn til helsegevinst for pasienten og avklaring i helsetenesta? Kor mange henvisast tilbake til offentleg fastlege, legevakt og spesialisthelseteneste, frå digital og fysisk privatpraksis?

Det er i dag ikkje mogleg å undersøke om det er slik Helsedirektoratet fryktar, skeiv bruk i tenester og aukande helseforskjellar. Det er ikkje mogleg å vurdere korleis ein auka andel privatpraktiserande allmennlegetenester påverkar total bruk av helsetenester. Konsekvensen er at beslutningstakarane har mangelfull kunnskap om både følgane av tapte fastlegar og framvekstenen av private allmennlegar. Grunnlaget for å ta kunnskapsbaserte val om handteringa av desse ordningane og følgene vidare, er svakt.

Vi vil oppfordre helseminister Kjerkol til å vurdere lovpålagt registrering av heilprivate tenester snarleg for å fullbyrde norske helseregister som ei skattekiste for kunnskapsdreven helsepolitikk.

Dette innlegget er hentet fra Midtnorskdebatt

__________

Har du lyst å delta i debatten hos Steinkjer24? Send debattinnlegg til redaksjon@steinkjer24.no.