• Bjerkem skriver dette innlegget i forbindelse med at Steinkjer24 skal ha debatt om det nye kulturhuset på Det store kaffeslabberaset lørdag 26. april. Bjerkem skal da være en del av panelet.

Den største delen av kulturlivet i Noreg er organisert lokalt. Det finst over 5000 organisasjonseigde kulturhus i Noreg. Huset i Bygda har identifisert 580 slike hus i Trøndelag og 35 av dei er altså her i Steinkjer. Dette er hus som har spelt, - og speler ein betydeleg rolle i utviklinga av det norske samfunnslivet og som er viktige som arena for frivillig kulturarbeid. Dei fungerer som motvekt til sentralisering og bidreg til auka bulyst i distrikta.

Prosjektet har kartlagt organisering, aktivitet, investeringsbehov etc. Ikkje eit hus er likt eit anna. Huset speglar den lokale kulturen. Det speglar menneska som bor i bygda og alt dei er opptatt av.

Huset er ein viktig samlingsplass, ein arena for kultur fordelt over eit et stort mangfold av kulturuttrykk. Dette er kvalitet på høgt nivå, - men med andre kvalitesparameter enn i konsertsalane. Huset er ein interaktiv kulturarena der alle som deltek utvikler seg som menneske.

Husstyra vil ta vare på og utvikle husa vidare. Dei har overtatt ansvaret frå generasjonane før dei. Men, krava til profesjonell drift og vedlikehald har blitt strengare. Dei treng dei hjelp og støtte.

Funderingar rundt økonomi

Det nye kulturhuset i Steinkjer har kosta rundt 431 millionar kroner. For dette har vi fått bibliotek, konsertsal, restaurant, fire kinosaler, utstillingslokaler og «Steinkaret». Ein del av midlane henta frå kommunens eigen sparekasse, men på langt nær alt.

I Trøndelag har Huset i Bygda identifisert 580 organisasjonseigde hus, og det er stipulert eit samla vedlikehalds og utviklingsbehov på rundt 300-400 millionar kroner. Beløpet som er brukt til det nye kulturhuset kunne ha dekka behovet for alle desse husa!

Problemet er det at Husa aldri ville ha fått tilgang til midlane som er brukt til Steinkjer Kulturhus. Pengane som har gått til kulturhuset er frå heilt andre pengepottar enn dei organisasjonseigde kulturhusa kan søke.

Realiteten er den at dei organisasjonseigde kulturhusa ikkje har tilgang på statlege midlar. Det finnest heldigvis nokre fylkeskommunale midlar om kasseraren er flink til å søke og følgje med på søknadsfristane som gjeld. Steinkjer kommune har ei tilskotsordning til frivillig kultur. Denne deles halvt om halvt med idretten. Tilbake er rundt regna 200.000 kroner kvart år til dei 35 organisasjonseigde kulturhusa, og alle dei lokale kor, korps, band, dansegrupper, teaterlag osb. Men, dette er ikkje pengar man kan bruke til å skifte eit tak eller skifte ut det gamle elektriske anlegget, men pengane kan gjerne brukast til 50 trivselskveldar med pizza og brus.

Det er viktig å merke seg at støtte til lokale kulturbygg er ei svært kostnadseffektiv investering og eit målretta tiltak for å dra nytte av det dugnadsdrive kulturarbeidet som Noreg er kjend for. Støtta kan komme i form av pengar, men også i form av kompetanse, opplæring, utlån av teknisk utstyr etc.

Dei fleste husa har som målsetting å vere ein lågterskel møteplass for folk i bygda, men når leigeinntektane blir høge kan det hemme aktiviteten. Det kan òg bli vanskeleg å motivere til dugnad på Huset når dei har måttet selge tusen dorullar for laget for å tene pengane til leiga.

Dette er eksempel på korleis menneske må tilpasse seg systema. Systemet gjev dårleg forvaltning av frivillig kultur. Eg vil påstå at mangel på kjennskap til, og kunnskap om det lokale kulturlivet, kombinert med den manglande evna til å sjå kultursektoren som ein heilskap, hindrar oss i å oppnå synergiar.

Denne delen av kultursektoren har kosta kommunen minimalt. Likevel veit vi at det å ha ein stad å utøve aktivitetar, er ein viktig faktor for utviklinga av lokalt kulturliv. Gode fysiske møteplassar medverkar til gode fritidstilbod, samhald og til heimstadidentitet. Tilgang til fysiske møteplassar er óg viktig for bu- og oppvekstmiljø som er svært sentrale element for positiv busetnadsutvikling. Å ta vare på desse lokale kulturhusa som ein attraktiv kulturarena og kulturminne er eit krevjande men viktig arbeid.

Kultur og idrett

I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) er andelen av befolkninga som driv aktivt med kulturaktivitet like stor som andelen som er aktive i idrettslag. I 1991 var prosentandelen ørlite høgare på idrett enn kultur. Det heldt seg slik fram til 2004 da andelen var like stor. Etter pandemien har kulturaktiviteten vore litt høgare enn idretten. (Kjelde: SSB)

Poenget er at kulturaktiviteten er like viktig, men har på langt nær brukt like mykje pengar som idretten. Det hadde vore interessant om nokon kunne ha samanlikna kva Steinkjer kommune har investert samla sett i idrettsanlegg vs. kulturanlegg rundt i kommunen.

På Guldbergaunet finn vi Turnhallen, ein hypermoderne og superattraktiv hall for mange fleire enn berre turnarar. Vi finn Steinkjerhallen, ein fleirbrukshall som rommer handball, volleyball, basketball, badminton, tennis, landhockey, innebandy etc. Vi finn fotballstadion og Nordens flottaste innandørs friidrettsanlegg som også kan brukast til banesykling. Vi finn regionens beste klatrevegg og dessutan møterom og undervisningslokale som gjer anlegget egna til å samle idretts-Noreg etter tur. I tillegg har vi Dampsaga bad, skytebanene og skianlegga. Idretten har i samarbeid med mellom anna Steinkjer kommune, rigga det til slik at kommunen kan trekke til seg nasjonale og internasjonale meisterskap.

For oss i kultursektoren er parallellen tydeleg! Med moderne anlegg tilpassa moderne menneske kan vi gjere ting mogleg som før var umogeleg. Vi kan tiltrekke oss kvalitet i verdsklasse, og sjølv oppleve å stå på ei moderne, profesjonell scene på heimebane.

Organisering, kunnskap og makt

Nå tror du kanskje at eg er meiner det er feil og urettferdig at idretten har fått så mykje, men det gjer eg ikkje. Eg elskar at idretten har fått til alt dette i Steinkjer. Eg er sjølv utdanna ved Norges Idrettshøgskole og veit at årsaka til at idretten får til alt dette, er at dei i over 150 år har vore godt organisert og hatt innflytelse på styresmaktene. Dei er sterke og tydelege i kommunikasjonen på kva dei treng og kva samfunnet vil få igjen. Det er godt dokumentert at kvart anlegg er ei investering i folkehelse. Gjennom spelemidlane har idretten heilt sidan 1947 vore med å finansiere og dokumentere kvalitetar i idrettsanlegg, og fullstendige rapportar blir lagt fram for styresmaktene kvart år. Forskinga sikrar i tillegg at ringverknader av idretten er godt kjent for dei som lager dei neste budsjetta.

Kultursektoren er svakt organisert. Kora er organisert i 5 ulike organisasjonar, korps har ein, orkester har to, folkemusikk og dans har to, og slik kan eg fortsette. Samanlikna med idretten finnest heller ikkje mykje dokumentasjon av ringverknadene av kulturaktiviteten. Vi veit ringverknadene er store, men dei er ikkje talfesta på same måte.

Kulturalliansen er ein ny organisasjon (2015). Medlemmane er frivillige kulturorganisasjonar. Kulturalliansen vil styrke det frivillige kulturlivs rammevilkår og posisjon i samfunnet og har mellom anna ein ambisjon om å kartlegge alle rom brukt til kulturformål. Etter kartlegginga skal det vere mogleg å trekke samanlikningar med idretten. Dette er eit stort og tidkrevjande arbeid, og arbeidet heng 68 år etter idretten.

Konklusjon

Politikarane har som oppgåve å gjere det det attraktivt å leve og bo i regionen.

Investeringane for moderne anlegg er så store at dei må samlast i felles anlegg for heile kommunen for å få det til. Dette gjeld like mye for kulturen som for idretten. Skal vi få kultur i verdsklasse til byen, og dessutan gje våre eigne erfaringar på profesjonelle scener, så er det rett å samle det i eit felles kulturhus i sentrum. Det er utopi å tenkje at vi skal ha slike kvalitetar ute i kvart lokale kulturhus på bygda.

Men om du spør om dette kan gå ut over dei organisasjonseide kulturhusa rundt omkring på bygdene, så er svaret: «ja, det kan det gjere, - men det treng det ikkje!». Kulturhuset kan bli ein utilgjengeleg og konkurrerande institusjon, men eg vil heller tru at det vil bli ei kjelde til kunnskap, inspirasjon og motivasjon som kan hjelpe til med å fylle alle husa med godt innhald. Dei lokale kulturhusa vil ha behov for tilgang på profesjonelt utstyr, opplæring og kompetanse. I nokon tilfelle kan dei ha behov for tilgang på ei stor scene.

Spørsmålet er korleis den politiske viljen og evnen er til å sjå kulturfeltet under eitt, - og kor god forvaltninga sin evne til å skape synergi gjennom samarbeid er?

Ein økonomisk støtteordning til dei organisasjonseigde kulturhusa som kan nyttast fritt bør etablerast. Viktigare enn at ordninga er stor, er at den er strategisk. Hovudhensikta må vere at vi klarer å hente ut fleire av pengane frå regionale og statlege pengepottar som ligg tilgjengelege der ute. Til dette kan administrasjonen i eit profesjonelt kulturhus vere ein god støttespelar, for å få til dette trengs det fagleg dyktige kulturbyråkratar. Kommunale midlar kan utløyse tilskot frå andre institusjonar, både offentlege og private. Med betre samarbeid og kjennskap til heilskapen kan vi klare å hente ut synergiar.

Mitt ønske er at Steinkjer kommune i samarbeid med kulturorganisasjonane og oss i «Huset i Bygda»-prosjektet, kan auke merksemda på betydninga som husa har, og at regionale og statlege myndigheiter må betre tilskotsordningane.

Huset i Bygda og Hilmarfestivalen har valt å flytte inn i kulturhuset og ser muligheten til å bruke kulturhuset aktivt som nettverksbyggar og samarbeidsarena for frivillig og profesjonell kultur.

Vi vil samarbeide og håper kommunen vil spele på lag med oss og være med på å utvikle heile kulturfeltet gjennom denne satsinga.

Har du lyst å delta i debatten hos Steinkjer24?

Send debattinnlegg til redaksjon@steinkjer24.no.