DEBATT: Lars Myhr Sandlund i Senterpartiet skreiv nyleg ein tekst i Steinkjer24 som lovprisa Anne Berit Lein som dronninga av framsnakking, og hadde òg eit sleivspark til Raudt fordi me visstnok er så negative. Han om det. Men partiet han sjølv stiller til val for utmerker seg ikkje akkurat med positivitet når dei ser for seg framtida i kommunen.

I budsjettbehandlinga i haust baserte Sp budsjettet sitt på ein idé om at folketalet i Steinkjer skal gå ned i mange år framover. I Raudt meinte me dette var i overkant negativt, fordi me har tru på dei gode tinga som tross alt blir gjort i politikken og sivilsamfunnet på Steinkjer, og elles i regionen. Difor justerte me kva prognosar me la til grunn for vårt budsjett ved å ta bort korona-åra frå berekningsgrunnlaget. Vårt budsjett opererte med ein framskriven vekst på cirka 1,5 prosent i gjennomsnitt, ut frå befolkningsutviklinga fram til koronatida. Og etter at koronarestriksjonane slapp taket viste det seg at me fekk delvis rett. Det er tilvekst i folketalet - i utgangen av 4. kvartal 2022 var me 23.955 i kommunen, mot 23.877 i utgangen av 3. kvartal. Denne veksten går i same retning som Raudt forutsåg, men dobbelt så raskt.

Om Senterpartiet sine dystre spådommar hadde slått til, hadde me sett ein nedgong på litt over fire prosent, men slik gjekk det sjølvsagt ikkje. Steinkjer har god industriutvikling mange stadar i kommunen, og det vil me kunne halda på med framover om me beheld konkurransefortrinnet vårt med billig kortreist straum og attraktive lokale levemiljø i bygdene. Sentrum har i tillegg mange offentlege arbeidsplassar og eit dynamisk og spanande innovasjonsmiljø på Innocamp, så kvifor Sp blindt aksepterte fortellinga om evig folketalsnedgong er for oss ei gåte.

Poenget er at i budsjettarbeidet var det altså Raudt som framsnakka Steinkjer, medan Sp spådde smalhans og nedturar. Og det gjorde Raudt samtidig som me retta ein tydeleg peikefinger mot dei mange reelle problema me har i Steinkjersamfunnet – barnefattigdom, utanforskap, vanskelege ungdomsmiljø, politisk styrt sentraliseringspress, manglande næringsareal og mykje anna. Me gjorde med andre ord nøyaktig det Sandlund ber om, snakka opp byen og snakka høgt om utfordringane våre.

Så Sandlund har ingen grunn til å baksnakka oss.

__________________________

Har du lyst å delta i debatten hos Steinkjer24? Send debattinnlegg til redaksjon@steinkjer24.no.