Noregs Ungdomslag har gjennom prosjektet Huset i Bygda tatt initiativ til å kartlegge alle organisasjonseigde kulturhus i Trøndelag. Prosjektet skal gi ein oversikt over og vere ein ressurs for dei organisasjonseigde husa – ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa, bedehusa og bygdehusa.

I vårt arbeid samarbeider vi tett med Trøndelag fylkeskommune og tilbyr gratis rådgiving til huseigarar om korleis dei kan ta vare på og utvikle husa vidare. Det er stiftinga Hilmar Alexandersen som er prosjektleiar for Huset i bygda i Trøndelag.

Dei organisasjonseigde kulturhusa er midtpunkt i grender og bygdelag og er viktige arenaer for frivillig kulturarbeid, som dans, teater, bunadsarbeid, klubbaktivitetar og anna kulturarbeid. På denne måten medverkar dei til auka bulyst i distrikta. Kartlegging utført av Kulturalliansen viser òg at omfanget av kulturaktivitetar i dei organisasjonseigde kulturhusa i Trøndelag, er større en antatt. Husa er òg viktige inkluderingsarenaer i eit stadig meir fleirkulturelt samfunn, og fungerer som motvekt til sentralisering. Skal vi klare å synleggjere dette, er det viktig at husa står saman, noko Huset i Bygda vil medverke til.

Gjennom prosjektet ønsker vi å kartlegge kva behov huseigarane har i Trøndelag. Grov kartlegging av Huset i Bygda viser at det truleg finst om lag 5.000 organisasjonseigde kulturbygg i Noreg i dag. Av desse finn vi kanskje så mange som 500 hus i Trøndelag.

Huset i Bygda har tidlegare rekna ut at for å møte dagens standard og krav, treng kulturhusa minimum to milliardar kroner på landsbasis. Med dagens fokus på sirkulærøkonomi finst det heller ikkje noko betre tiltak enn å ta vare på og utvikle dei eksisterande kulturhusa i Trøndelagsregionen.

I dag består inntektene til husa av ein kombinasjon av kontingent, utleige og årlege basar- og marknadar. Inntektspotensialet er på denne måten avgrensa. Auke i faste kostnadar gjer at huseigarane i Trøndelag disponerer stadig mindre frie midlar til vedlikehald og utvikling av nye aktivitetar. Samstundes har statlege støtteordningar vorte kraftig redusert. Frå 2013 har delen tippemidlar som går til kulturhus gått ned frå 135 millionar til 54,6 millionar kroner. Vi ser òg at dette har gått hardt utover kva midlar Trøndelag fylkeskommune har til disposisjon til lagseigde kulturhus.

Det er difor viktig for Huset i Bygda å synleggjere den store systematiske forskjellsbehandlinga mellom idretts- og kulturbygg ved at det ikkje eksisterer nokon tilsvarande momskompensasjonsordning for sistnemnde. Dette er med på å undergrave moglegheita til større utbetringar på husa og forverrar økonomien til huseigarane i Trøndelag.

I tillegg får vi jamlege tilbakemeldingar på at straum, forsikring og auke i offentlege avgifter tek stadig større del av driftsmidlane til kulturhusa. For mange lag utgjer forsikringa òg ein stor del av dei faste kostnadane.

Sjølv om kulturhusa har ei viktig rolle i det lokale kulturlivet, er heller ikkje dei forskåna frå auke i offentlege avgifter. Som følge av manglande vedlikehald, har kommunane varsla betydeleg auke i offentlege vatn- og avløpsgebyr i åra framover. Allereie no ser vi at fleire kommunar har auka gebyra med over ti prosent.

Dette er døme på utfordringar som huseigarane møter, og som tek tid og krefter frå arbeidet med å skape lokalkultur. Gjennom kartlegginga, rådgiving og samarbeid, vil vi jobbe for større forståing for kva verdiar dei organisasjonseigde kulturhusa i Trøndelag representerer.

For å auke kunnskapsnivået, vil Huset i bygda Trøndelag mellom anna arrangere fagsamling 17. september, som skal synleggjere både prosjektet og huseigarane.

På fagsamlinga skal frivillige lag og foreiningar som eig sitt eige hus, få ein stad å møtast, diskutere og få fagleg påfyll og støtte til arbeidet sitt. Her er alle som er med og driftar eit hus, velkomne til å delta. Å skrive gode søknader, er eitt av temaa undervegs, med deling av praktiske tips og gode råd. Det blir òg eit besøk med befaring på ungdomshuset Gildevangen i Ogndal.

Gjennom slike fagsamlingar vil Huset i Bygda samarbeide med huseigarar og andre aktørar om å registrere alle husa inn i ein felles database. Denne skal gi grunnlag for eit større landsdekkande faktagrunnlag om organisasjonseigde hus. På denne måten vil vi medverke til å bygge sterkare og synlegare kulturhus i Trøndelag.