Då scooteren vår kjem, reiser ho seg frå dei to pc-skjermane for å ta i mot. Ho er kledd i mjuke og komfortable kontorklede, men i tankane har ho nok alt gått fleire mil på ski.

Oppe ved Donsekenuten seglar ei ørn med ei rype i klørne. Her og der får vinden snøen til å dansa, og i lufta svevar det små skoddedottar som skjuler litt av utsikta mot Bånefjell og Vardetjønn.

Natur betre enn garasje

Kommunikasjonsrådgjevaren i Stavanger kommune nyt å sitje ved spisebordet i hytta ved Donseknuten i Sirdal og på same tid vere i fjellet. På heimekontor i Stavanger ser ho rett inn i ein garasje. På hytta ser ho ut over snødekte vidder og klynger med fjellbjørk.

Ho og ektemannen Jørgen, som er geolog, har bytta på å ha hyttekontor. Dei har to søner, Teo på 12 år og Tinius 11 år. Jørgen har også døtrene Tori på 25 år og Tuva på 23 år, som studerer i Bergen.

Dei to sønene er fødde inn i hyttelivet. Begge var berre fem dagar gamle første gong foreldra tok dei med på hyttetur.

På Teams-møta dusar ho ned furuveggen i bakgrunnen. Av ein eller annan grunn har ho ikkje sagt til kollegaene at ho sit på hytta.

Det er aldri sure miner når mor vil på hytta for å jobba. Ho trur gutta boys tykkjer det er greitt å styre heime på eiga hand.

Hyttekontor fungerer perfekt for Tove Sæther Hagland. Det er ingen annan stad ho er meir effektiv enn her. Foto: Fredrik Refvem
Dei første åra måtte dei ofte bruke ein time på å grave seg inn på hytta. Med unntak av denne vinteren, har det vore mindre snø på Donsen dei siste åra, fortel Hagland. Foto: Fredrik Refvem

Meir effektiv på hytta

Mobilt breiband gjer møteaktiviteten til ein leik. På mobilen har ho ikkje dekning, men dette løyser ho ved wifi-tale. Då me kjem på besøk, har ho vore i arbeid sidan klokka 7.30 og alt fått unna fleire møte og presentasjonar.

Inne i den lyse stova ligg det skinnfellar spreidd rundt, og fleire dyreansikt kikkar mot oss frå sofaputene. Veggane er kvitlaserte for å unngå furuhelvete, som enkelte kallar gulna furu. Golvet er dekka av bjørkeparkett.

– Etter mi meining er eg meir effektiv på hytta enn nokon annan stad. Heime kjem gutane heim frå skulen klokka 13. Då kjem dei brasande inn på heimekontoret, sjølv om eg er midt i eit møte, seier ho med eit lettare oppgitt smil.

På hytta, derimot, er mor heilt åleine. Her er det heller ingen gigantisk klesvask å ta tak i og ikkje store måltid å lage til.

Dessutan kan ho arbeide til seine kvelden om ho ønsker. Og det gjer ho ofte, men meininga med hyttekontor er jo først og fremst å få gått på ski.

Stolen tente som vogge då gutane var babyar. Heime bur familien i eit gammalt hus. Dermed tek dei ut trongen for moderne møblar på hytta. Foto: Fredrik Refvem
Peisen er eit sentralt element i stova. I bakkant av peisen er det skapt ein alkove som er ekstra lun å sitje i på kalde vinterdagar. Foto: Fredrik Refvem
Hagland er glad dei valde å gå for ei moderne hytte, elles hadde ho ikkje kunna ha hyttekontor her. Foto: Fredrik Refvem
Desse strikka hjarta gir Hagland hyttekjensle. Ho likar å ha det dust og neddempa på hytta. Foto: Fredrik Refvem

Hagland har gått Sesilåmi 13 gonger og har fleire gonger hamna blant topp tre i sin klasse. Bestetida er på 3 timar og 45 minutt.

– Ambisjonen var å få kome seg ut på ski litt tidleg på dagen, for å få eit avbrekk og litt dagslys i tråd med arbeidsgivaren sine råd, men eg har det så travelt på jobb at eg ikkje har vore klar for skiløypene før klokka 16. I januar var det jo nesten mørkt då. Nå derimot, går det fint å få eit par timars dagslys utpå ettermiddagen også, fortel ho nøgd.

Hyttekontor er eigentleg eit spørsmål om tillit. Anten har leiaren tillit til sine tilsette, eller så har han det ikkje.

Etter dagens økt er planen å gå løypa mot Flesebekk til Tjørom. Om kvelden etter å ha ete ein enkel middag, blir det nok meir jobbing, for strikketøyet gløymde ho i byen.

Hyttekontor litt råflott?

På Teams-møta dusar ho ned furuveggen i bakgrunnen. Av ein eller annan grunn har ho ikkje sagt til kollegaene at ho sit på hytta.

Ho vedgår at det kjennest litt råflott å kunna sitja på kontor i fjellheimen. Hagland smiler litt:

– Eg trur fleire som sit på hyttekontor, føler at dette må tonast litt ned. Heimekontor er ok, men hyttekontor er meir suspekt på eit vis. Men me som brukar hyttekontor, bør ikkje ha dårleg samvit så lenge me leverer det me skal, understrekar ho.

Å sitja ved spisebordet går greitt, sjølv om ho har eit meir kroppstilpassa kontor heime. Men ein gryande senebetennelse er ei påminning om at det er blitt veldig mykje pc det siste året.

– Før måtte eg flytta meg fysisk frå møte til møte. Nå byter eg møterom med eit museklikk og kan plutseleg oppdaga at eg har sitte bomstille i seks timar, fortel 45-åringen som slett ikkje er skapt for stillesitjing.

Kontorlivet har gitt henne ein trong til å dra på tunge bildekk under treningsøktene heime i Stavanger. Og når dei går den halve timen til hytta på ski, melder mor seg alltid til å trekkja pulken med provianten.

Jobba meir, trent mindre

Men alt i alt har ho jobba meir enn vanleg dette året og trent litt mindre.

– Faren med å arbeide heime og på hytta er at skiljet mellom arbeid og fritid blir viska ut, for pc-en står jo alltid der på bordet. Dermed er det lett å jobbe litt til, heile tida. Samstundes er det blitt litt vanskelegare å motivere meg for å trene. Sesilåmi har vore mitt store mål dei siste åra, men rennet blei avlyst både i fjor og i år.

Hyttekontorets føremoner til trass, Hagland saknar å gå på jobb på vanleg måte. Men ho er overtydd om at heime- og hyttekontor vil bli ein større del av arbeidslivet etter pandemien.

– For min del trur eg heime- og hyttekontor kan fungere betre enn ope kontorlandskap viss eg skal gjere ei oppgåve som krev mykje konsentrasjon. Og er ein forkjølt, kan også denne løysinga vere praktisk, i staden for at ein dreg på jobb og smittar kollegaer.

– Faren med å sitje åleine og jobbe, er ikkje at ein snik seg unna. Faren er nok heller at ein jobbar for mykje, for med Teams på pc og mobil, er ein tilgjengeleg 24/7. Det heile er eigentleg eit spørsmål om tillit. Anten har leiaren tillit til sine tilsette, eller så har han det ikkje, poengterer ho.

Duken har mor til Hagland laga. Den ligg på den gamle skjenken. Foto: Fredrik Refvem

Korleis er det å ha hytte?

Då Hagland og mannen kjøpte hytta for 14 år sidan, visste dei ingenting om det å ha hytte. Hagland hadde i barndommen fantastiske minne om skiturar til turistforeningshytter i Sirdal, men å eiga hytte, visste ho ingenting om.

Tanken hennar var eigentleg å skaffa seg ei gammaldags fjellhytte utan straum og vatn, men ho er glad for at dei enda opp med ei moderne hytte, for elles hadde det ikkje blitt hyttekontor på henne no, slår ho fast.

Hytta på Donsen blei kjøpt før bygginga starta, men dei gjorde ikkje så mange endringar, berre nokre mindre justeringar. Far til Hagland eig ein tredjedel av hytta. Dei tykte det var greitt å ha fleire å dele utgifter og vedlikehald med.

– Det meste fungerer godt, men eg er glad for at me fekk laga to små soverom i førsteetasje til eit større og at me seinka golvet i halvetasjen over peisen. Gangen er litt i minste laget, men det har me løyst ved å bruka badstova til tørkerom, forklarer ho.

Bak skyvedørene på toalettet gøymer det seg ein vaskemaskin, ein utslagsvask og ein varmvasstank. Foto: Fredrik Refvem

Den tunge tabben

Ho meiner det er flaks at hytta blei så bra som ho blei, med tanke på kor lite dei visste om hytter.

Den største og tyngste tabben står på eit av soveromma. Ein massiv skjenk frå Finn, som er så tung at han aldri meir kan fjernast frå hytta, fryktar Hagland.

Skjenken på soverommet er kjøpt brukt. Han blei kjøpt i eit akutt behov for å tona ned Ikea-faktoren i hytta. Foto: Fredrik Refvem

Tanken om det klassiske fjellhyttelivet blei med inn i komforten, for lenge sa ho og mannen at dei ikkje skulle ha tv på hytta.

Årsaka var at her skulle dei anten sjå på peisen, ut vindauga, eller på eit spelebrett. For nokre år sidan kom tv-en likevel inn, og dei kan ikkje skulda på barna, for det er dei vaksne som brukar han mest.

Ho trur alle har godt av å læra å vera ute i naturen. Sjølv om interessa skulle falma ei stund, vil du sannsynlegvis ein eller annan gong få lyst til å komma deg ut att.

Hytta er ifølgje Hagland møblert med standard-møblar som ikkje går av moten, med unntak av skjenken og litt arvegods.

Ho likar godt å sitje i sofaen og sjå inn i peisen. Gjerne med ei strikketøy i hendene, men det har ho gløymt i byen denne gongen. Foto: Fredrik Refvem
Dette skapet husar familiens tørrvarer. Det blir fylt på kvar sommar, når familien kan køyra til hyttedøra. Foto: Fredrik Refvem

Duk, men ikkje strykejern

For Hagland og mannen var det viktig å gjere hyttelivet enkelt. Tida skal brukast til å vera ute i naturen og ikkje på ein bråte husarbeid. Difor har dei dukar på hytta, men ikkje strykejern.

Ho meiner ein del av det sosiale er forsvunne med det moderne hyttelivet. Gleda av å komma inn på ei fjellhytte og møta andre då ho var på tur med foreldra som lita jente, ligg enno og gløder som særs gode minne.

Med eigne hytter sit folk meir for seg sjølv, men ho og mannen ber regelmessig med seg venner på hytta. Dei har og fleire kjenningar som har kjøpt hytte i Sirdal. Difor er det heldigvis ein del å besøka langs løypenettet.

Stolen tente som vogge då gutane var babyar. Heime bur familien i eit gammalt hus. Dermed tek dei ut trongen for moderne møblar på hytta. Foto: Fredrik Refvem
Denne stova i stova ligg bak peisen og er ei lun alkove kor ein kan trekkja seg litt tilbake dersom dei er fleire samla på hytta. Foto: Fredrik Refvem

Familien likar alle typar skigåing, og no er det toppturar som er mest populært. Den eine sonen er dessutan blitt hekta på snøbrett-køyring.

Hagland har ikkje alltid likt å gå på ski. Ein periode i tidlege tenår fekk skigleden seg ein knekk etter kjedelege og monotone skiturar oppover Hunnedalen. Det blei generelt mindre stas å gå på ski med foreldra.

Då ho blei med i Turistforeininga si ungdomsgruppe som 15-åring, vakna skigleda att. Ho trur alle har godt av å læra å vera ute i naturen. Sjølv om interessa skulle falma ei stund, vil du sannsynlegvis ein eller annan gong få lyst til å komma deg ut att, er hennar teori.

Dei to gutane på 11 og 12 år deler dette soverommet og har sin eigen klatrevegg. Foto: Fredrik Refvem
Det meste av møblar er kjøpt nye, men noko arvegods, som denne stolen, fungerer som nattbord på foreldresoverommet. Foto: Fredrik Refvem
Badstova ligg i forlenging av badet. Ei knaggrekke gjer at badstova også fungerer som tørkerom. Foto: Fredrik Refvem
Dei fleste veggane i hytta er av furupanel. Hytta har eit buareal på 120 kvadratmeter. Foto: Fredrik Refvem

Hytta er primært ei vinterhytte. Ho er stort sett i bruk kvar helg. Vinterferien og påsken blir også på hytta i år. Svært mange juler er også feira her.

Hyttelivet om sommaren er så som så. Å vera her i 8 plussgrader og pøsregn, er ikkje det heilt store. August og september, derimot, byr på fine hytteopplevingar, med padleturar på Raudåvatnet som freistar med dei finaste sandstrender.

Vinden suser framleis rundt hytta, og snøteppe flyg over landskapet. Flammane i peisen skyt opp og få fart av vinden.

Peisen er eit sentralt element i stova. Han omfamnar på eit vis heile rommet, og bak peisen i halvetasjen over er det laga ei lun alkove av ei stove, kor ein kan trekkja seg vekk om dei er mange på hytta.

Hagland har vore glad for hytta i alle år etter dei kjøpte henne, men ho er ikkje mindre glad for å vera hytteeigar no når det er så få andre stader å reise til.

– Me er alltid i godt humør me går opp hit, sjølv om det kan bli seine fredagen før me kjem oss av garde. Å grava vekk litt snø rundt døra, legg heller ingen dempar på humøret. Det er alltid ei glede å koma hit.

Skituren er nokre små timar, unna men først skal ho ha eit Teams-møte til.