Løysinga kan då vera å eiga fritidsbustad i lag med andre.

– For oss har det vore ein suksess. Nå har me endå fleire høve til å møtast, fortel Andreas Veggeland frå Stavanger.

Han er arkitekten bak sameiget i storfamilien Veggeland kor fem familiar har gått saman om å kjøpa ei stor fjellhytte i Suldal i Rogaland.

Ved å eiga i lag kan ein få tilgang til ei stor og komfortabel hytte til ein overkomeleg penge. Storfamilien Veggeland eig denne hytta i Suldal i lag. Foto: Fredrik Refvem
Foto: Fredrik Refvem

Fem familiar i Pentagon

Eller Pentagon som hytta blir kalla blant eigarane.

Det er foreldra Kirsten og Per Inge Veggeland og fire av barna deira med ektefellar som eig hytta. Alle eig ein tiandepart kvar. Ei hytte til tre millionar kroner blei slik overkomeleg også for småbarnsfamiliane, påpeiker Andreas Veggeland.

Denne helga er det han og kona Kristin, samt barna Anna og Kristian som disponerer hytta.

Andreas står og steiker lappar medan barna romsterer på loftet. Like etter kjem bror Vidar Veggeland frå Sand inn døra. Han går bort til traktaren for å setje på kaffi.

Denne helga er det Andreas sin familie som disponerer hytta. Her får pappa steikehjelp av sonen Kristian. Foto: Fredrik Refvem
Å eiga hytte i lag har sveiva storfamilien endå meir i saman, meiner brørne Vidar (i grønt) og Andreas (i gult) Veggeland. Mellom dei sit Andreas kone Kristin. Barna er frå venstre: Eirik, Anna og Kristian. Foto: Fredrik Refvem

Hytteeigarane har totalt 13 barn så det kjem vel med at hytta er romsleg, sjølv om alle eigarane aldri er der samstundes.

Gi og ta

For å trivast i eit hyttesameige må alle vera innstilte på å gi og ta. Men sameige passar ikkje for alle, trur Andreas.

– Å gå inn i eit sameige er ikkje løysinga viss du ikkje på førehand har eit godt forhold til dei du skal eiga i lag med. Vår familie har alltid vore mykje saman, me trivst i lag og har ein raus og humørfylt tone oss mellom. Er alle veldig rigide er nok ikkje eit hyttesameige det luraste, framheld Andreas Veggeland.

Perfekt for sameige

Han og kona Kristin hadde feriert i ei firmahytte like ved og kjende området. Då dei såg at denne hytta blei lagt ut for sal, fekk Andreas ideen til sameiget, for familien hadde ikkje råd til å kjøpa hytta åleine.

Den romslege hytta har fire soverom med totalt 12 sengeplassar. Her ser me Eirik (kompis frå hyttefeltet), Kristin og barna Kristian og Anna. Foto: Fredrik Refvem
Anna i leik med kompis Eirik. Foto: Fredrik Refvem

Ifølgje Andreas var hytta som var bygd i 2007 perfekt for storfamilien, fordi ho hadde smarte løysingar og var i god stand. Utanfor var det støypt vedlikehaldsfritt dekke rundt. Dessutan blei hytta seld ferdig møblert, slik at ein ville sleppa lange diskusjonar om møblement.

– Å eiga ei hytte saman fører til at hytta blir meir brukt og du kan få meir hytte for pengane. Mange har jo dårleg samvit fordi dei har skaffa seg hytter som kanskje berre blir brukte fem helgar i året, seier Andreas Veggeland.

Han rekna med at fleire av dei fire søskena hans ville vera ganske enkle å overtala.

Ville mor bli med?

Bøygen var mor.

– Far er med på alt, men eg visste jo at mor ikkje er særleg glad i snø. For å få sameiget i hamn, var det avgjerande å få med henne. Men som minstemann greidde eg jo å få viljen min, seier han lurt og legg til at mora stortrivst på hytta.

Særleg i årstidene utan snø.

Etter litt tenking blei fire av fem søsken med i sameiget. Femtemann bur i Miami, og ingen blei overraska over at han takka nei.

– Skulle me få råd til hytta var me avhengige av at alle me andre blei med, så det låg jo eit visst press i det, vedgår Kristin og Andreas.

Vidar Veggeland var blant dei som måtte grubla litt på dette, saman med kona si, Anne Brit.

– Me bur jo på Sand og har berre ein halvtime opp hit, så me var litt usikre på om me skulle bli med. Men barna våre ville gjerne dette, og me ser jo at me møtest oftare nå, så dette har vore til stor glede for alle, slår Vidar fast.

Andreas og Kristin trekkjer også fram gleda ved å kunna møta familien på Sand oftare. Tre av dei andre eigarane bur i Stavanger, den fjerde familien bur på Bru.

Ein ny møteplass

– Då det var konfirmasjon på Sand for to år sidan, var det praktisk å ha eit husvære til å overnatte i, for Vidar og Anne Brits bustad kan ikkje husa heile klanen, forklarer Andreas.

Familiebiletet heng like under sameige-oppsettet i gangen. Frå venstre: Vidar, Helga, Andreas, Trygve og Per Kjartan. Foto: Fredrik Refvem
I plastkassar oppbevarer kvar familie sine private eigendelar og tørrvarer. Foto: Fredrik Refvem
Hytte-sameiget er i vår tre år. Nøkkelen til suksess er å vera romslege, fortel Andreas Veggeland. Foto: Fredrik Refvem

Han, Vidar og Kristin er samde om at samhaldet i familien er blitt endå betre etter Pentagon kom inn i liva deira, fordi det er blitt eit nytt og viktig møtepunkt.

Foreldra Kirsten og Per Inge tok opp det største lånet. Tre av barna med ektefellar betaler ein fast sum per månad til foreldra, medan Andreas og Kristin har ordna finansieringa sjølv.

Dersom nokon skulle ønska å selja seg ut, har dei andre eigarane forkjøpsrett. Kva som skjer når neste generasjon overtar, har ein ikkje tatt stilling til. Andreas reknar med at sameiget då vil bli oppløyst og hytta seld, fordi det vil bli for mange eigarar.

Han brukte mykje tid på å studera sameigekontraktar før storfamilien overtok hytta.

– Det er viktig å ha tenkt på alt, og ikkje berre tenkje at, nei, det tek me på sparket.

Fordelinga av hyttevekene skjer like etter nyttår. Første gongen hytteåret skulle fordelast, trekte eigarane lodd om kva familie som skulle få velja periode først.

Deretter blir rekkefølgja forskjøve slik at alle fem har fått høve til å velje først.

Frå onsdag til onsdag

Sidan talet fem ikkje går opp i årets 52 veker, har foreldra vald å berre ha hytta i åtte periodar, medan dei andre eigarane disponerer hytta 11 periodar kvar.

– For å kunna utnytta fridagane i mai best mogeleg og gi flest mogeleg høve til å vera her litt i vinterferie og påske, har me vald å la periodane gå frå onsdag til onsdag, fortel Andreas.

Foreldra og dei fire søskena hadde då sameiget blei stifta ei generalforsamling der alle var til stades. Det har dei ikkje fått til kvart år, men Facebook-gruppa Pentagon er flittig i bruk av hytteeigarane.

Her kan dei leggja inn beskjed om kva som manglar, eller bytta periodar innbyrdes om noko skulle komma i vegen for hytteopphaldet for ein familie.

Andreas har oppretta ein eigen konto der kvar familie betaler inn like mykje. Desse pengane går til vedlikehald, festeavgift, brøyting, straum, velforeining og liknande.

Store innkjøp, som vil kosta over 15.000 kroner, krev at alle eigarane er samde. Mindre innkjøp krev simpelt fleirtal, altså at tre familiar, eller seks eigarar er samde, forklarer Andreas.

Ikkje kjøp oppussingsobjekt

– Føremona med å kjøpa ei såpass ny hytte er at ho ikkje krev så mykje vedlikehald med det første. Det at hytta var ferdig møblert var også eit pluss, for eg trur at det som går på innreiing kunne blitt litt meir krevjande å bli samde om, sidan folk som oftast har ganske ulik smak når det kjem til slike ting.

Når hytta treng beising er tanken at ein dugnadsgjeng i sameiget dreg inn ei helg og får jobben gjort.

Andreas, Kristin og Vidar fortel det blei ganske store diskusjonar då eit tv-bord skulle kjøpast inn. Å investera i ny solskjerming i hytta var også ein lang prosess.

Hyttesameiget har ei felles hyttebok som dei skriv i etter kvart opphald. Denne blir mellom anna brukt til å skriva kva den enkelte familie har gjort av praktiske oppgåver i hytta. Foto: Fredrik Refvem

– Me har aldri krangla. Det seier vel at me har det ganske greitt når dei største diskusjonane gjekk rundt eit tv-bord, framheld dei.

Mat kjøper kvar familie inn til sitt opphald, men alt av tørrvarer på kjøkkenet er fritt vilt. På soveromma har kvar familie sine private kassar med eigne tørrvarer og hermetikk.

Forbruksartiklar som såper og toalettpapir kjøper ein inn etter behov utan å føra nokon oversikt over kven som kjøper kva. Det er vanleg at familien som skal på hytta spør dei andre om det er noko som manglar.

Per Inge Veggelands gamle ski og stavar skapar ein del diskusjon i storfamilien, fortel Vidar (t.v.) og Andreas. For kva veg skal stavane henga? Foto: Fredrik Refvem
Denne flaska pyntar opp på peishylla. Foto: Fredrik Refvem

Vasking og slikt

Kvar familie skal forlata hytta i den stand som ein sjølv ønskjer å finna henne i.

– Vaskinga har aldri ført til konflikt til denne tid. Det viktigaste er å vera fleksibel og romsleg. Ein gong då to familiar hadde vore her i påsken, forsvann vatnet. Då måtte me smelta snø på komfyren, og då skjønte jo dei andre at det ikkje var tida for storstilt golvvask, seier Andreas.

Når det passar, tek ein familie og reingjer kjøleskap eller komfyr. Då er det vanleg å skriva dette i den felles hytteboka.

I april i år er hyttesameiget tre år. Til denne dag har altså alt gått fredeleg for seg. Når ein ikkje er usamde om så mykje, så kan familiens gamle treski gjera nytta som godlynt stridstema.

Desse skia og stavane er hengde opp på ein vegg i stova. Diskusjonen om stavane skal hengast med trinsene opp eller ned, bølgjer mellom Pentagons eigarar.

Løysinga på problemet blei å henga stavane på knaggar, slik at kvar familie kan henga stavane slik dei ønskjer når dei har sin periode på hytta, seier Andreas og smiler lurt.

I dag ligg hytta rundt to og ein halv time unna eigarane i Sør-Rogaland. Etter Ryfast vil reisetida bli redusert med ein halvtime.

For ei tid tilbake stod Andreas i butikken med vesle Kristian like før avreise til hytta. Guten som var kledd i vinterklede fekk spørsmål frå ekspeditøren om han skulle ut på tur.

– Ja, han skulle til Pentagon, kunne han stolt fortelje.

– Ja-ha, ja ... svarte ekspeditøren.

Andreas Veggeland er for tiden ansatt i et engasjement i Aftenbladet.