Det kan bety å ha hytte i same kommune som du bur, slik Lillian Vaarvik og Arvid Laugaland har.

For halvtanna år sidan stod hytta deira på Foreneset i Suldal ferdig. Den ligg to mil frå garden deira Hamra, ved Lovraeidet.

– Her på hytta får vi det vi manglar heime: Kveldssol og sosialt lag, seier Arvid.

I tillegg håpa dei å sleppa unna myggen, men det finst mygg her også, konstaterer han, utan at det plager familien nemneverdig.

Garden ligg fleire kilometer frå fastbuande, og på grunn av alle fjella har dei ikkje sol lenger enn til litt over klokka 18 midtsommars.

Badestranda som ligg kloss i hytta, blir mykje brukt. Etter litt opprydjing er stranda straks sommarklar. Foto: Jonas Haarr Friestad

Herleg med kveldssol

På Foreneset har dei kveldssol til rundt klokka 22 på det meste og sjøen ligg berre 40 meter frå stoveglaset. Frå vindauget ser dei rett ned på sandstranda kor dei tre døtrene lever livet heile somrane.

Staden var Lillians barndomsparadis.

– Eg var mykje her om somrane sidan mormor mi budde her. Då blei det drive småbruk, og vi barna måtte vera med på hesjing og anna gardsarbeid, så vi kunne ikkje bada heile dagane.

Nærleiken til sjø og skog er noko av det beste med hyttelivet, tykkjer familien. Frå venstre Ida, Mari, Anna, Arvid og Lillian. Foto: Jonas Haarr Friestad

Ho kikkar ned på sjøen som kreppar seg i vinden. I skråningane skjelv kvitveis og gule strå i blåsten. Her kjenner Lillian kvar tue og formasjon i landskapet.

– Her ute i sjøen ligg enno steinen som i min barndom var merket på kor langt vi barna fekk gå. Stupeneset ligg også som før, og eg er glad eg får innvia døtrene mine i den verda som var mi.

Eldstedottera Anna er i full gong med å læra seg båtlivets gleder i ein Steady-båt, og snart vil småsøstrene følgja etter.

Bestemors vaskeservant pyntar opp på foreldresoverommet. Foto: Jonas Haarr Friestad
Hytta er bygd på det gamle småbruket til Lillian si mormor. Mjølkespannet og kaffikjelen til bestemora pyntar no opp inngangspartiet. Foto: Jonas Haarr Friestad

Eit anna liv

Hytteliv er ein tilstand, ein anna måte å vera i kvardagen og familien på. Det kan dei begge skriva under på, der vi sit rundt eit bord pynta med barneplukka blomar, tende lys, heimebakst og sjenerøse koppar kaffi.

Både Arvid og Lillian var samde om at dei ville ha seg ei hytte, og det før barna blei så store at dei blei vanskelege å få med på hytteturar. Spørsmålet var berre kvar?

Paret var samde om at hytta skulle liggja maksimalt ein time frå heimen. Dei vurderte ein periode å byggja fjellhytte ved Gullingen, men så var det denne tomta Lillian hadde fått frå slekta si på Foreneset. Den kunne dei ikkje la stå ubrukt, fann paret ut.

Arvid og Lillian brukte rundt to år på hytteprosessen.

– Vi såg på mange hytter før vi visste kva tomt me skulle byggja på. Det er ikkje så lurt. Vel tomt først og deretter hytte. Fordi vi gjorde ting i feil rekkefølgje i starten, måtte fleire aktuelle hyttemodellar forkastast fordi dei ikkje passa på tomta, forklarer Arvid.

Spisebordet på kjøkkenet er eit gammalt bort frå Øystad-garden i Suldal. Foto: Jonas Haarr Friestad

Grundig planlegging

Valet fall til slutt på ei Ranahytte, levert av Leif Magne Kleppa frå Hjelmeland. Hytta har ei grunnflate på 90 kvadratmeter. Det er gjort fleire tilpassingar av kataloghytta for å få henne mest mogeleg i tråd med Arvid og Lillian sine ønske.

Dei to grubla mykje og lenge over dei praktiske løysingane. Begge kom fram til at dei ville ha hems over heile hytta for å få ein meir skjerma barneavdeling på loftet, sjølv om det gjekk ut over takhøgda i hovudetasjen. Til gjengjeld fekk dei meir areal.

Dei tre døtrene Anna (10), Mari (7) og Ida (5) har alle soverom på loftet. Her har dei også ei eiga leikestove og eit bad.

Totalt har hytta fem soverom. Tre av dei ligg i hovudetasjen. Ingen soverom ligg kloss i stove eller kjøkken. Arvid og Lillian ville ha soveavdelinga meir skjerma sjølv om det fører til meir gangareal.

Gjennom hyttelivet på Foreneset har Arvid blitt kjent med sambuar Lillian sitt ferieparadis frå barndommen. Foto: Jonas Haarr Friestad

Lilla vegger

Alle golv oppe og nede, utanom bad, gang og vaskerom, er dekte av eikeparkett.

Veggane er kledde med sprekkpanel som er behandla med hardvoks. Fargen heiter hav, men såg meir lilla ut kunne Lillian skrekkslagen konstatera då ho pakka ut panelet.

– Eg byrja å gråta fordi eg trudde heile hytta ville få lilla vegger, men heldigvis endra fargen seg då panelet kom opp på veggane. Det er fascinerande korleis fargen forandrar seg etter korleis sola står. Veggane blir aldri kjedelege for det er alltid liv i dei.

Arvid meiner det er lurt å bruka hytteleverandørar som bur nært der ein byggjer. Då er det lettare å få dei på plass om det skulle dukka opp nokre problem etterpå.

Hytta ligg kloss i vegen, men trafikkstøy er ikkje noko plage, forsikrar familien. Foto: Jonas Haarr Friestad

Kva tid som helst

Om somrane pla dei vera på hytta i heile skuleferien. Både Arvid og Lillian kan fint pendla til jobbane sine frå hytta. Familien brukar feriebustaden minst annakvar helg, og skulle trongen melda seg, kan dei fint dra ut til Foreneset ein ettermiddag også. Påske, vinterferie, jul og nyttår er også sjølvskrivne hyttedagar.

– Skulle vi ha hytte, ville vi bruka henne mykje. Då måtte ho ikkje liggja for langt unna. Slik vi har innretta oss, er vi ofte dei første på hytta fredagen og dei siste som reiser heim søndagen, konstaterer Arvid nøgd.

Paret kjenner fleire familiar både i dette hyttefeltet og andre stader i Suldal som har valt å bli hyttefolk i eigen kommune.

– Det er så herleg å vakne og sleppe barna ut for å leike. Her har dei lag rundt dørene, slik har vi det ikkje heime på garden. Også vi vaksne har blitt kjende med mange nye folk i hyttene rundt her, seier Lillian.

For å hindra innsyn er Arvid i gong med å laga ein mur framføre hytta. Foto: Jonas Haarr Friestad

Sørlandsk i Suldal

Dei meiner at Økstrafjorden har noko sørlandsk over seg, med sine holmar og skjer.

– Det beste med hytta er å kunna byta stove. Her kan vi seinka skuldrene. Å komma til ein ny plass som er din, slik at ein veit kva ein kjem til. Å leige hytte ville ikkje gitt den same kjensla, påpeiker Arvid.

Familien har eigen båt og fiskar ein del. Dei går også turar i skogen. I haust var heile familien på jakt i nærområdet.

Nå er det terrasse som skal byggjast, og Arvid har laga ein mur som skal gi dei litt meir skjerming frå vegen som går like utanfor hytta. Trass i at dei ligg så nært vegen, er ikkje bilstøy noko problem, forsikrar Lillian og Arvid.

– På hytta driv vi med andre ting enn heime. Her har vi til dømes ikkje nett. Vi prøver å vera meir ute, og jentene tykkjer det er kjekt å leika i skogen. Og så er det så herleg å sjå lys frå naboar her, seier Lillian.