– For menneske med ein godt nedbetalt bustad, er det ikkje så vanskeleg å ha råd til ei hytte med dagens låge rente, seier forskar.

Hytteliv er i vinden som aldri før.

– Situasjonen me har i hyttemarknaden no, minner om den som oppstod etter andre verdskrig. Etter nedstenging og trussel mot fridomen vår får nordmenn eit veldig hyttesug, anten det er krig eller korona som er årsaka, seier professor i miljøhistorie Finn Arne Jørgensen ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Han har skrive fleire artiklar om nordmenns hyttevanar og var ein av redaktørane bak boka Norske hytter i endring frå 2011.

Professoren arbeider no med nok ei bok om det norske hyttelivet.

Lengten etter avbrekk

Jørgensen reknar med at den nye hytteinteressa heng saman med ein sterk trong etter å komma seg vekk frå kvardagen og få litt variasjon. Denne lysta etter avbrekk blir ikkje mindre når ein ikkje kjem seg ut på andre feriereiser i særleg grad.

– Nordmenns fridomstrong gjorde også at hytteforbodet vekte så sterke reaksjonar. Sjølv om smittepresset igjen aukar, trur eg det sit langt inne hjå styresmaktene å innføra hytteforbod att.

Etterspørselen etter hytter skaut fart etter andre verdskrig og eksploderte på 60-talet då bilismen auka. No har hytteinteressa nådd etterkrigsnivå igjen, og han trur koronakrisa vil endra nordmenns reisevanar for lang tid framover.

Sjølv om det er mogleg å reise ut i verda, er det for tida både komplisert og kronglete å finna flyruter. Dessutan kostar det svært mykje pengar. I tillegg er mange reisemål forbunde med karantenekrav.

OL auka interessa

Dermed er det mykje som tyder på at lysten på hytter ikkje vil dabba av med det første. Hyttenes popularitet går likevel som det meste anna me menneske driv med, i bølgjer.

På 70-talet og utover 80-talet begynte hyttene å bli mindre populære. Det var lite bygging av hytter og få hytter for sal. Men så kom OL på Lillehammer i 1994, og med det blei nordmenns interesse for det rotekte norske vekt til live igjen. Dei skaffa seg nasjonalromantiske hytter i bondearkitektur.

På 2000-talet eksploderer det norske forbruket, og hyttebygginga aukar endå meir.

I hytteboomen på 60- og 70-talet hadde dei fleste lite pengar, men ønsket om hytte var likevel så stort at dei fekk det til på eit vis. Difor er mange fritidsbustader frå denne epoken i dårleg teknisk stand.

Ein viktig pådrivar for hyttebygginga var også varselet om at det ville kome strengare lovar for kvar ei hytte kunne byggast og korleis ho skulle sjå ut. I den tida kunne ein nemleg få bygge hytte kloss i eit vatn eller nær sjøkanten, forklarer Jørgensen.

Vulgære hytter med tårn

I begynninga av 2000-talet blei hyttene større og større, men gjennomsnittsstorleiken på ei hytte har dei siste åra gått noko ned.

Folk har snudd ryggen til hyttetrenden som kom for 15 år sidan då arkitekt Finn Sandmæl-stilen gjorde at mange skulle ha hytter i Kjell Inge Røkke-stil med tårn sausa inn i bonderomantikk. Det var ifølge UiS-professoren både vulgært, stort og prangande og tok ånda frå Lillehammer-OL til eit heilt nytt nivå.

Hytteinteressa og hytteutsjånaden har svinga mykje gjennom tiåra. Etter Lillehammer-OL blei hytter som likna på Kjell Inge Røkke si (bildet) svært populære. Foto: NTB

Han seier hyttestilen har roa seg ned. Mangfaldet er også større, frå arkitektteikna hytter til fine og funksjonelle ferdighytter. I tillegg har hyttene fått selskap av hypereffektive leilegheiter.

Jørgensen veit at fleire som dreiv og bygde hytter då pandemien råka samfunnet, i redsel for å mista jobbane sine, valde å gjere meir sjølv for å få byggekostnadane ned. Andre måtte droppa hyttedraumen.

Mange har råd til hytte

– For menneske med ein godt nedbetalt bustad i ein by er det derimot ikkje så vanskeleg å ha råd til ei hytte med dagens låge rente, påpeiker han.

Hytteliv er i vinden som aldri før. Foto: NTB

Hyttemarknaden framover trur han vil gå i full fart i alle retningar, med ulike stilar for ulike folk. Han tykkjer også det er interessant at det ser ut til å veksa fram ein ny type naturvernarar blant hyttefolk. Blant desse finn ein mellom anna dei mest ihuga vindkraftmotstandarane.

I dag er hyttelivet tilgjengeleg for menneske i alle samfunnslag. Fleire har også to-tre hytter. Har ein lite pengar, har dei fleste alltid likevel tilgang på ei hytte, anten gjennom familie, vener eller arbeidsplass.

– Dei som ikkje deltek noko særleg i hyttemarknaden, er nordmenn med fleirkulturell bakgrunn. Med mindre ein slik person giftar seg inn ein norsk familie, ser dei ikkje ut til å ha noko større interesse av å få tak i ein fritidsbustad, fortel Jørgensen.

Tek pant i hytta

Elisabeth Gilje Pedersen, direktør for personmarknaden i Sparebank 1 SR-Bank, seier at dei fleste hyttekjøparar låner til hytte med pant i hytta. I tillegg må dei ha 25 prosent i eigenkapital.

Frå november i fjor til november i år har banken merka ein betydeleg auke i folk som låner til hytter. Auken er på 36 prosent samanlikna med same periode i fjor. Halvparten av hyttelånarane er mellom 35 og 50 år.

– I denne gruppa finn ein barnefamiliar som kanskje har drøymt om hytte ei stund og som no tek spranget fordi renta er låg, og kanskje fordi dei er meir heime. Folk som kjøper hytter, er menneske med trygge jobbar. Desse får no ganske romsleg økonomi fordi renta er så låg. Men kravet for å få lån hjå oss, er at du må tola ei rentestigning på 5 prosent, understrekar ho.

Det har aldri blitt tinglyst så mange fritidsbustader nokon gang for et heilt år, og rekorden brytast to månader før statistikkåret er omme. Foto: Fredrik Refvem

Låner på huset

Også hyttekjøparane til Jæren Sparebank er ofte frå midten av 30-åra og oppover. Dei fleste er frå midten av 40-åra.

– Kundane våre kjøper hytter frå 2,5 millionar og oppover. Då er det ikkje uvanleg å lånefinansiera ein større del av hyttekjøpet, fortel administrerande banksjef Geir Magne Tjåland.

Hyttekundane finansierer hyttekjøpa gjennom lån og oppspart eigenkapital. Har dei ikkje det siste, brukar dei primærbustaden som tryggleik. Mange har ifølge Tjåland betalt såpass mykje ned på bustaden at det er mogleg å bruke huset som eigenkapital eller pant for hyttelånet.

Også Jæren Sparebank krev at hyttekjøparane må tole at renta stig med 5 prosent.

I Flekkefjord Sparebank opplever også administrerande banksjef Heidi Nag Flikka at den typiske hyttekjøparen er mellom 30 og 50 år og har lite eigenkapital, men har ledig tryggleik i eigen bustad som blir brukt for å få lån.

– Trenden i dag er relativ høg gjeldsgrad i alle kundesegment. Risikoen er at mange eigedommar har mykje lån om det skulle kome eit prisfall i marknaden, påpeiker ho.