Ullandhaug-guten Rune delte draumen om eit småbruk, men det skulle gå mange år før den blei oppfylt.

I 1988 ville slektningane etter det barnlause ekteparet som hadde budd der, selja. Dagrunn og Rune Nåden Dyrstad hadde nettopp bygd hus i Stavanger, men prøvde seg med eit bod på 805.000 kroner.

Dagrunn og Rune Nåden Dyrstad måtte venta lenge, men til slutt blei perla ved Nådesundet deira. Foto: Jonas Haarr Friestad

Perla glapp

Det var akkurat 20.000 kroner for lite til at eigedommen blei deira, og lenger kunna dei nyetablerte ikkje strekkja seg.

– Far min tenkte også på å kjøpa eigedommen i si tid sidan han hadde ei sandskøyte liggjande i vågen her, men fordi det ikkje var plass til eit stort drivhus, valde han å kjøpa ein annan eigedom, fortel Dagrunn.

I 2012 kom eigedommen igjen for sal, og då blei det endeleg Dagrunn og Rune sin tur til å overta staden med rundt 100 meter strandlinje.

– Ved å selja huset i Stavanger og hytta på Finnøy gjekk det nokolunde opp i opp, fortel Rune.

Noko av det første Dagrunn gjorde var å springa ned til stranda for å sjå om det framleis voks dag og natt-blomar slik det gjorde i hennar barndom.

Og det gjorde det.

Kjøkkenet er totalrenovert. Taket er heva og det er sett inn takvindauge. Golvet er også nytt. Foto: Jonas Haarr Friestad
Vegger er flytta og vegger og tak er malte. Slik har Dagrunn og Rune fått det 62 år gamle huset til å bli moderne innvendig. Ved å sleppa lys gjennom bygget har dei opna opp. Foto: Jonas Haarr Friestad
Dei førre eigarane bygde ein kvist med nye vindauga. Foto: Jonas Haarr Friestad
Spisekroken i kjøkkenet var tidlegare tv-stove. Foto: Jonas Haarr Friestad
Badet i huset frå 1956 er totalrenovert. Foto: Jonas Haarr Friestad

Hjarterom og husrom

Dagen me besøker Nådesundet har sein-september kilt inn ein sommardag mellom mange regntunge dagar. Sola glitrar og speglar seg i bølger og duvande blomar som gneistrar av fargar i dette streifet av sommar.

Fordi eigedommen blei såpass dyr, har paret vald å renovera huset frå 1956 i staden for å byggja nytt.

– Planen då me kjøpte her, var at dette skal vera ein stad kor alle alltid er velkomne. Dette skal ikkje vera ein plass der me sit og ruger åleine. Me elskar å ha hagen og brygga full av gjester, og i sommar har me vel hatt eit par hundre menneske innom, fortel Dagrunn og Rune.

Dei fire sønene med familie og vener er naturlegvis også alltid velkomne til Nådesundet.

Ein dag i året har Dagrunn og Rune open dag for alle flyktningane på Finnøy. Mange av dei sosiale samankomstane føregår på den nybygde brygga. Då er den italienske bakaromnen ofte i bruk til pizzalaging, viss då ikkje paret vel å servera fiskesuppe eller sjølvfanga krabbe.

Den italienske bakaromnen er ofte i bruk når paret har gjester. Hunden Cindy trivst også ved Nådesundet. Foto: Jonas Haarr Friestad
Rune og Dagrunn legg ned mange arbeidstimar i hagen. Foto: Jonas Haarr Friestad
Fem lamaer som Dagrunn og Rune eig i lag med ein nabo, syter for å halda graset nede på ekrene. Foto: Jonas Haarr Friestad

Arbeidsmaurar

Den store plenen skal klippast regelmessig. Rune er hobbygartnar og har lagt ned mykje arbeid i den 4,5 mål store hagen sidan dei flytta inn våren 2013.

– Bestekompisen min, Olav Bryn, driv Flor og Fjære, så eg er ofte innom han og snokar etter plantar når han stenger ned for sesongen, seier Rune og smiler lunt.

Rune er svak for utanlandske planter, spesielt staudar, fordi dei utanlandske blømer mykje lenger enn dei norske, forklarer han og viser oss eit bed med mexicanske georginer som sprakar i rødt, oransje og gult frå juni til frosten kjem i november.

Målet hans har vore å få ein mest mogleg lukefri hage med torvmull, duk og bark mellom plantene.

Dei mexicanske georginene blømer i månadsvis. Foto: Jonas Haarr Friestad

Rune, som har vore helikopterpilot det meste av si yrkesaktive karriere, tok sluttpakke i 2016 med moglegheit til å byrja å fly igjen om han angra. Dei to åra har han brukt til å vidareutvikla hagen og gjera han endå vakrare.

Dessutan har han lagt 65 tonn med belegningsstein og køyrt til 90 tonn sand i strandlinja. I tillegg har både det gamle hønsehuset og bustadhuset blitt totalrenovert. Førstnemnde er nå gjesteanneks. Der fins alltid ein terrasse på eigendommen der ein kan sitja i ly for vinden.

– Eg har profesjonelle folk til røyrlegging, fliselegging og elektrikar-arbeid, men mykje av tømmermannsarbeidet har eg gjort sjølv i lag med ein kjenning som er utdanna. I alle år har eg lært mykje av å sjå på handverkarar eg har hatt i sving på dei ulike eigedommane våre, fortel Rune, som snart skal byrja å jobba som helikopterpilot att for sin gamle arbeidsgjevar.

Terrasse-rekkverket i tre er bytt ut med rekkverk i glas for å få utsikt ned til hagen. Foto: Jonas Haarr Friestad

Prosjekt karpedam

Som pilot har han lange friperiodar, og dei satsar han på å utnytta effektivt til hagestell som før. Nå er det ein karpedam som er hovudprosjektet. 30.000 liter er fylt på i dammen som etter planen skal stå heilt ferdig til neste sommar.

Dagrunn som er utdanna intensivsjukepleiar, arbeider nå som førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Også ho elskar å ha mold mellom fingrane og har delteke på oppussingsprosjekta innomhus, i tillegg til å ta doktorgrad.

For begge tek det rundt 45 minutt å komma seg på jobb i byen.

– Og om eit og eit halvt år bur me igjen i Stavanger, påpeiker paret med tanke på kommunesammenslåinga.

Dei to viser oss rundt i hagen som endåtil har sin eigen bekk som klukkar gjennom krattet. Me får sjå magnoliatre, rakettplanter, fuksia og englenes trompet. Ekteparet er sjølvberga med dei fleste bærslag, og på berget ovanom huset yrer det fram knallblå vindruer.

Årets sommar kravde vatning rundt halvannan time per dag. Neste år skal Dagrunn og Rune ha eit automatisk vatningssystem på plass.

– Heldigvis gjekk det bra, plenen fekk berre to små brune flekker. Graset veks i leirjord som held godt på væta, forklarer Rune.

På berget ovanom huset trivst vindruene godt. Foto: Jonas Haarr Friestad

Volleyball-sand

Nede ved sjøen har han kjørt til sand frå strender sør i Danmark. Sanden kjøpte han etter den siste strandvolleyballturneringa Stavanger hadde for fire år siden.

Bustadhuset har fått nytt kjøkken og bad, elles er golvet rive opp, døropningar utvida og veggar flytta, så det er ikkje mykje som minner om det gamle huset frå 1956.

Begge kjenner seg vel i Finnøy og er blitt med i det lokale organisasjonslivet.

– Eg er jo kommen heim, for meg er dette verdens beste plass å bu. Familie og mange av venene eg hadde i oppveksten, bur framleis her, seier Dagrunn.

Rune har også kjent seg heime frå første dag.

– Det er ei god ånd i Finnøy. Me har gode naboar, og folk er så hjelpsame på ein heilt annan måte enn i ein by. Det blir meir slik som i Nord-Norge, fortel Rune som mellom anna har engasjert seg i det lokale hagelaget.

Dagrunn er med i «Kvinner, mat og tru» på Kaihuset, samt «Søndagsåpent» på forsamlingshuset Emmaus.

Foto: Jonas Haarr Friestad

Vakre barndomsminne

Det er ikkje berre blomar, bær og buskar som lever ved Nådesundet. Også fem lamaer som beiter på bøen ovanom huset gløtter fram no og då. Desse eig paret i lag med naboane.

Dagrunn og Rune reknar med å bu her livet ut.

– Staden er fylt med så mange minne. Eg hugsar me alltid fant så fine skjell her då eg var jentunge, og eg var ofte med far ned til sjøen og om bord i skøyta. Det fyller meg både med glede og vemod når eg kikkar ut over sundet og ser på staden der båten hans låg, for eg saknar han jo, seier Dagrunn rørt.