Hytta er ei av rundt 80 hytter som er bygde i Fjellbergskaret ved Gullingen i Suldal dei siste åra. Tomta kjøpte dei alt i 2012, inspirerte av Elins foreldre som kjøpte hytte her nokre år før.

Hyttefeltet har generelt sett vore veldig populært blant folk frå ytre Ryfylke. Foreldra til Elin hadde tidlegare hytte nærmare Gullingen, så jørpelandsjenta fekk fjellhyttelivet inn frå unge år.

Dra musepekeren over bildet for å se hele uteområdet.

Levde som om dei hadde hytte

Men før Elin og Andreas vågde å byggja hytte på tomta dei hadde kjøpt, let dei som om hytta alt var bygd og sette til sides pengane som ville gått til renter og avdrag på eit hyttelån.

Dette gjorde dei for å testa om økonomien bar og om dei hadde disiplin nok til å spara.

Fasiten var at økonomien gjekk rundt, og for seks år sidan byrja dei å byggja hytta som dei to hadde teikna sjølv. Slik sikra dei seg alle løysingane dei ønskte seg.

Fritidsbustaden har ikkje mindre enn tre inngangar. Ein frå smørebua, ein for gjester og ein som fører inn til eit romsleg tørkerom, der det er plass til mange typar klede og skotøy.

Rosså-paret ønskte god plass til gjester og seg sjølve. Alle rom er difor romslege.

Hytta har totalt 10 sengeplassar fordelt på fire soverom pluss loftsstove.

Elin og Andreas bruker terrassen mykje året rundt. Foto: Fredrik Refvem
Utemøblane er smurde med jernsulfat slik at dei skal gråna fort. Foto: Fredrik Refvem
Det er høgt under taket i stova. Peisen er laga av Andreas. Han er mura opp av juksestein. Foto: Fredrik Refvem
Her held minstejenta Pernille til. Det er laga til to sovealkover i veggen, slik at også ei venninne kan overnatta på soverommet. Foto: Fredrik Refvem
Fritidsbustaden har mykje patinagrå panel for å gi dei som bur her den gode hyttekjensla. Foto: Fredrik Refvem

Mykje påskesol

I stova er det rundt 5 meter opp til det kvitkalka taket. Vindauga går heilt til topps og slepp inn mykje utsikt og lys. Tomta ligg solvendt, så alt ved påsketider er sola oppe til rundt klokka 20 om kvelden, fortel dei.

Frå stova ser dei ned mot Jøsenfjorden og lyset som rullar over fjella og stadig skiftar.

– Lyset er verkeleg spesielt der nede ved fjorden. Det er godt og berre sitja og meditera til dette synet, fortel Elin.

Ein lokal tømmermann reiste hytta, mens Andreas, som er Nordsjø-arbeidar, gjorde så og seie alt innvendig arbeid. Både montering av kjøkkenet og badet er hans verk. Han har også panela, lagt golv og mura peis.

Andreas er framleis ein arbeidsmaur på hytta. Han har bygd stor terrasse og bu. Han stablar ved og kosar seg med alle former for praktisk arbeid.

Elin elskar å gjere det fint inne og la fargar og former spela i lag. Matlaging likar ho også. Foto: Fredrik Refvem
Nokre av veggane i bua er beisa limtreplater. Lysekrona kjem frå smeden på Ombo. Foto: Fredrik Refvem
Eit romsleg tørkerom er svært praktisk i ei fjellhytte. Det er ein eigen inngang til dette rommet. Foto: Fredrik Refvem
På badet har Andreas og Elin vald å ha panel i staden for fliser. Foto: Fredrik Refvem
Ei fjellhytte må ha smørebu. Også smørebua har si eiga inngangsdør. Foto: Fredrik Refvem

Mormor lever i møblane

Elin elskar gode kjøp. Gjenbruk gir henne ei god kjensle. Då hytta skulle møblerast, var det ikkje snakk om å kjøpe alt nytt.

Ho hadde nett arva ein god del møblar etter mormor si, og dei kom godt med. Med omtrekking og malarkost fekk ho møblementet i bondefargar og rutete setetrekk til å bli svalt og tidlaust.

Dekketøyskåpet fekk seg også nokre rundar med malarkosten og står sentralt plassert i stova. For Elin er det ei stor glede å ha mormora med seg i så mange gjenstandar på hytta.

Elin elskar å skapa gamalt om til moderne. Difor har også fiskekassen, kaffikjelen, patronskapet og skøytene til bestefar til Andreas, og mormora sine ski, samt mykje anna komme til sin rett blant interiøret i hytta og annekset Boblebu.

Alt i fritidsbustaden er nøye gjennomtenkt. Her er ikkje ei pute eller ein vase tilfeldig plassert. Så jobbar då også hyttefrua som dekoratør i ein møbelbutikk.

Dei nedtona fargane i haustfjellet, dei gule stråa, dei brunlege myrane og det grå fjellet gir gjenklang i hytta sin palett, både innomhus og ute. Og også inne finn ein strå i vasar rundt om kring.

Overalt rundt oss er det duse og avslappande naturfargar.

Alle fargane i hytta er duse. Blomane i denne vasen er nokre av dei skarpaste fargane i stova. Foto: Fredrik Refvem

Kvilepulsen kjem

Heime på Jørpeland har dei mange svarte detaljar. På hytta ville dei ikkje ha noko svart, men Elin må erkjenna at ein del svarte ting har funne vegen til hytta i Fjellbergskaret likevel.

Elin seier ho er sjølvlært i faget, men at ho alltid har hatt estetisk sans. Levande lys blafrar stille rundt oss, og på kjøkkenet står ei langkokt og heimelaga suppe og eit brett med nybakt focaccia.

Dei brukar naturen sommar som vinter. Drømmedalen, Skute, Natlandsnuten Frøkedalsvatnet og Fjellberg Høgehei er populære turmål. Andreas er i tillegg ein ihuga stisyklar, men denne hobbyen driv han mest med heime på Jørpeland.

Hytta betyr mykje for dei. Dei merkar at stresset slepper taket med det same dei kjem hit.

Dei fleste høgtider er dei på hytta, og mange gode minne er skapte i Boblebu, annekset der Elin og Andreas kan setja seg til med noko godt i glasa og helsa helga velkommen.

Bobler i alle former

– På denne årstida er det på med boblejakkar før me slår bobler i glaset, og om ikkje altfor lenger er draumen å få laga til eit boblebad i nærleiken av Boblebu. Då blir det bobler gonger tre, seier Elin og smiler forventningsfullt.

Dei ser fram til mange fleire gode hyttedagar her oppe i fjellet. Paret har to døtrer, Pernille på 12 og Emilie på 19 år. Eldstejenta har flytta heimanfrå.

Familien har i tillegg fått eit nytt familiemedlem, hunden Millie som er ei blanding av shih tzu og tibetansk spaniel.

Ho er berre fem månadar og har ligge og sove i fleire timar etter at matfar Andreas gjekk tur med henne på føremiddagen. Men i Boblebu er den vesle kvelpen entusiastisk til stades og vil gjerne opp i alle fang for kos og klapp.

Lyset er i ferd med å gråna, skumringa siv inn i alle krokar og får flammane til å gulna. Snart er nok ein hyttedag til ende, og denne kvelden skal paret og den vesle hunden heim til Jørpeland.

Men om ikkje lenge er dei her igjen, i den vesle hyttelandsbyen i Fjellbergskaret.

Dei sit sjeldan slik som dette på hytta. Begge har stadige prosjekt på gong. Sofabordet er eit øydelagt bord som Elin har fått sett ny plate på og olja. Foto: Fredrik Refvem
Hytta er blitt eit fellesprosjekt som er til stor glede for dei begge. Medan Elin stullar og steller og gjer det fint inne, driv Andreas på med muskelarbeid ute. Foto: Fredrik Refvem
Annekset er staden for boblejakkar og bobler i glaset. Foto: Fredrik Refvem