Det er vår og yr i lufta og snøklokker i hagen då me møter ekteparet i det store huset med to dører på Rennesøy, i det som no er ein bydel i Stavanger kommune.

75 år gamle Sigrid stortrivst med å bu i huset frå 1880. Å bu slik betyr at ein må tåla skeive golv og strie dører. Likevel lever ho ikkje i noko museum, seier ho bestemt, og sprukne dører tykkjer ho berre er dekorativt.

Gå sakte fram

– Eg vil ha moderne komfort og er ingen nostalgikar. Å bu slik dei gjorde i gamle dagar, er ikkje noko mål. Eg vil bu nå, men ha spor av historia rundt meg. Det finst inga nåtid utan fortid. Gamle bygg gir deg fleire tankar. Tenk på alle lydane dette huset har romma.

Babyskrik, fødande kvinner, sorg og lått.

– Stemning i huset kjem frå ei samling minne som eg har frå oppveksten min. Veggane her ramma inn ein god barndom, forklarer 75-åringen som tidlegare var førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Stavanger.

Huset på Sørbø er bygd på 1880-talet og høyrde til garden som no ikkje eksisterer lenger. Det var tre gardar på Bø, og bare ein av dei finst enno. Foto: Fredrik Refvem
Sigrid og Hallstein har kjent kvarandre sidan dei var ungdommar. Hallstein som kjem frå Kvinnherad, blei sendt til Rennesøy som dreng for tanta då han var 16 år. Foto: Fredrik Refvem
Loftet har huseigarane delt av til fleire rom, mellom anna gjesterom og arbeidsrom for Sigrid. Foto: Fredrik Refvem

Hennar råd til andre som kjøper gamle hus, er å tenkja seg godt om og gå langsamt fram i renoveringa.

– Våg å prøva og feila, og ikkje gjer alt i gravalvor. Det er lov å leika seg. Alt treng ikkje vera gamalt. Hugs, du skal bu her. Personleg har eg difor ikkje sansen for å føre alt tilbake til éin spesiell tidsepoke, for kor langt tilbake skal ein gå? Skal ein ha ei bondestove frå 1850-talet, eller ei sveitserstove frå 1880-talet?

For henne er det viktig at heimen er funksjonell, men med glimt av det gamle, brukt på nye måtar enn formødrene hennar ville gjort. Her finn du difor ingen hekla brikker under pyntegjenstandane. Sigrid har i staden brukt nupereller og gamle hekleborder på nye måtar, som små remser av fortid i alt det nye som også finst i huset.

Følg pilene for å se deg rundt i huset. Du kan også trekke bildet opp og ned og rundt.

Sigrid vaks opp på garden Bø På Sørbø. Dette var i tidlegare tider ein storgard. Dei som budde her, hadde mykje pengar og fleire personar i teneste. Ei frakteskute åtte dei også.

Far til Sigrid forpakta garden for slektningar. Etter at foreldra hennar døydde, var det ingen som ville overta. Garden blei delt opp og seld som tilleggsjord til nabobruk.

Loftet har to skråkammer, eit blått og eit rosa. Foto: Fredrik Refvem
Kjøkkenet er nytt. Tantes broderte pyntehandklede og serviett kjem godt til sin rett på kjøkkenveggen. Bordet er av dei få tinga som stod igjen i det forlatne huset. Trauet har dei fått tak i på finn.no Foto: Fredrik Refvem
I vindauget står ein skulptur av Anu Allikas. Fotoet på skrivebordet er av Gustav Bø, far til Sigrid. Han var av Karla-slekta. Ho dedikerer boka ho skriv til han. Foto: Fredrik Refvem

Berga frå gravemaskina

Det gamle gardshuset stod att, men gravemaskina hadde alt slått ned både løe, sauehus og uthus då Sigrid og Hallstein bestemte seg for å kjøpa barndomsheimen hennar i 1972.

Hallstein (81) hadde nemleg også sterke band til Rennesøy, fordi tanta hans budde i nabolaget til Sigrid. I fleire år var guten frå Kvinnherad dreng hjå tanta, og etter ei stund oppdaga han nabojenta Sigrid.

Ved å kjøpe huset berga dei det frå gravemaskina. I mange år brukte paret og dei to sønene deira huset berre i feriar, men i 1989 flytte ekteparet som då hadde vaksne barn, tilbake Rennesøy på permanent basis.

Døra er frå 1850-talet. Då Sigrid vaks opp på 1950-talet, var dette døra inn til tenestejentene. Foto: Fredrik Refvem
Hallstein samlar på elefantar. Desse står i ei bokhylle ved kontorplassen hans. Foto: Fredrik Refvem
Sigrid likar å kombinera gamalt og nytt. Difor valde ho å ikkje ha gamaldagse blondegardiner saman med det gamle sengeteppet. Gardinene kjem frå Ikea. Foto: Fredrik Refvem

Huset gjennomgjekk ei storstilt renovering. Fasade og tak er uendra, og det same er rominndelinga i første høgda, men elles er svært mykje forandra og forbetra. Ikkje minst har huset fått skikkeleg isolasjon i veggar og tak, og for fem år sidan blei alle vindauga bytte ut. Det eine av dei to kjøkkena i huset blei gjort om til våtrom.

Arkitekt Sigmund Asmervik har gitt dei råd i prosessen med å modernisera huset. Sjølv er dei middels praktiske og hendige, seier dei, og rosar byggmeister Jens Ola Reianes frå Sørbø som har hjelpt til med utbetringar og snikkararbeid.

Golvet går opp og ned

Å gå gjennom dei fire stovene er som å gå i kupert terreng. Dei malte golvfjølene buktar seg over landskapet, for huset ligg rett på jorda. Sigrid og Hallstein måtte grave vekk ein masse mold for å få plass til å stappe isolasjon under golvplankane.

Eit eldgamalt skatoll frå Hardanger har fått selskap av nymotens hyller på andre sida av døra i ei av dei mange stovene i huset på Sørbø. Foto: Fredrik Refvem
Den inste og fjerde stova blir kalla Oslo-stova, fordi slektningane Sigrid sine foreldre forpakta garden av, budde i hovudstaden. Brystningspanelet her er frå 1700-talet. Stova tener nå som gjesterom for barna. Foto: Fredrik Refvem
Oslo-stova i enden. Foto: Fredrik Refvem
Nytt er blanda med gamalt over alt i  huset, slik som i stova ved kjøkkenet. Nesten alle vegger og golv er malte. Foto: Fredrik Refvem
Mange av gjenstandane i huset er kjøpte i brukt - og antikvitetsbutikkar. Lite og ingenting stod att av gjenstandane Sigrid vaks opp med. Foto: Fredrik Refvem
Huset har totalt fire stover på rekke og rad, i ei av desse har Hallstein sin kontorplass. Foto: Fredrik Refvem

Stoveplantene er av det nostalgiske slaget, og fleire blomepotter har gulldekor og løvehovud. Nesten alle golv og veggar er malte i lyse fargar, men i ei krå i den inste stova har paret vald å ikkje ha panel, slik at det mørke tømmeret får fortelje si gamle historie.

Overalt finst det slike gluggar kor det gamle gløtter gjennom mellom dei nymotens møblane og moderne hyllene. Veggane er dekte av bøker eller bilete, og overalt er det blomar og planter, anten i potter eller vasar.

I andre etasje fanst det berre eit stort loft kor dei dikta rom, som Sigrid uttrykker det. Slik har dei fått eit romsleg hus med ti sengeplassar, noko som kjem godt med når sønene er på besøk med sine familiar.

Bygningen er opprinneleg sett saman av to bygg, og dei eldste delane stammar frå 1700-talet. Huset er bygd på og bygd om i mange omgangar.

Det har ikkje berre komme til mange barn i huset. Bøker har også blitt til her. På loftet har Sigrid Bø Grønstøl si eiga skrivestove. I hylla står nokre av bøkene ho har gitt ut. Foto: Fredrik Refvem
Denne teikninga av tunet på Bø på 1950-talet er laga av tvillingbror til Sigrid, Leiv Magnus Bø. Foto: Fredrik Refvem
Denne kista stammar frå Hallstein sin oldefar i Strandebarm. Foto: Fredrik Refvem
Mora sine hekla border har Sigrid sydd inn med hand i desse stovegardinene. Foto: Fredrik Refvem
Sigrid sine forfedrar blei vekselvis kalte Karl og Torger. Forfaren Karl Bøe kom frå Finnøy. Huset heiter difor Karlahuset på folkemunne. Foto: Fredrik Refvem
Ein moderne steikeomn er stappa inn i gruva. Her var det i gamle dagar først gruve, så vedkomfyr, deretter ein BEHA-komfyr. Foto: Fredrik Refvem
Det var lite att av gamle gjenstandar frå Sigrid sin barndomsheim. Det meste er difor kjøpt på antikvitets- og bruktbutikkar. Foto: Fredrik Refvem
Framskåpet i gangen huser fleire antikvariske skattar, mellom anna frå Egersund fajanse. Skapet er malt av Johannes Rørvik. Foto: Fredrik Refvem

Sigrid har dokumentert alt dei har gjort med huset sidan dei starta renoveringa. For nokre år sidan fekk ho ideen om å laga ei bok om dette arbeidet, bygningshistoria og ikkje minst om menneska som har budd i heimen deira.

Arbeidet med boka har ført henne til bygdebøker og kyrkjebøker og involvert ein heil del slektsgransking.

Bakgrunnen for namnet på huset er at stamfaren til Sigrid heitte Karl. I generasjonane framover blei odelsgutane vekselvis døypte Karl eller Torger.

Sju bryllaup og femti fødde

Boka tek for seg historia til dei menneska som har budd her opp gjennom tidene. Persongalleriet er omfattande, for til tider var huset stappfullt av folk. I 1900 budde det heile 17 menneske i huset samstundes, har ho funne ut.

Heile 50 barn har trekt sine første andedrag her, mange har anda ut og lege på likstrå. Her har det blitt stelt til både bryllaup og gravferd. I ein periode mellom 1880 og 1890 gifta sju døtrer seg i dette huset.

Hallstein har vore professor ved Veterinærhøgskolen i Oslo. Dei to pensjonerte akademikarane har funne ein ny livsrytme i det gamle huset på Rennesøy. Kvar morgon har dei morgonmøte i lenestolane med kaffikoppen i handa, før dei går til kvar sitt kontor og arbeider. I fleire år har dei drive forlaget Sturnus saman, og her har begge ektefellane jamleg gitt ut bøker.

I mange år levde dei store periodar på kvar sin kant. I åra då Sigrid arbeidde ved Universitetet i Stavanger, vekependla Hallstein til arbeidet i Oslo. Begge er svært sjølvstendige og var difor spente på korleis det ville bli å sjå mykje meir til ein annan som pensjonistar.

Huset gjer dei godt

Nå er dei stort sett i same hus frå morgon og til kveld. Men det går bra, forsikrar dei. Truleg fordi dei er nøye med å ha arbeidsdagar i kvar sin etasje og ofte ser tv i kvar si stove om kveldane. Dermed blir dei ikkje leie. Dessutan finn begge to stor glede i å stella den store hagen som omkransar huset.

– Me føler slik velvære her, difor likar me å vera mykje heime, forklarar Sigrid.

Meir enn å dra ut, likar dei å invitera gjester heim til seg. Stovene i Karlahuset har difor vore vitne til mang ein storslegen fest opp gjennom tiåra. Her har paret mellom anna feira opninga av Rennfast og inngongen til det nye tusenåret.

Då Sigrid var lita, reflekterte ho ikkje noko særleg over hust ho vaks opp i. Mange vaks opp i liknande bustader. Eigentleg var det litt forfalle og strevsamt, meinar ho å hugsa.

Først som vaksen har ho fått lyst til og interesse av å både passa på huset og på historia om menneska som har levd her.

Det er viktig å sikre minne før dei forsvinn, understrekar Sigrid Bø Grønstøl.