Sjølv om hytta er på berre 43 kvadratmeter, gjeld ordtaket om at der det er hjarterom er det også husrom, også for hytter.

Solveig Margrethe Undheim kan minnast dei var 11 personar på overnatting, også nå i eldre år likar ho å ha gjester og ikkje minst barnebarn på besøk.

Noko av det beste Solveig Margrethe og Erlend veit er å setja seg til ute med litt godt i glaset før helga startar. Foto: Fredrik Refvem

Nostalgi i alt

Inne i Vennebu har tida nesten stått stille. Både møblar og pyntegjenstandar er frå tidleg 90-tal. Slik kan Solveig Margrethe enkelt minnast dagane som småbarnsmor, då det krelte av leikande barn på hemsen.

– Her skal det vera ekte hyttestil, og det er ikkje plass til mykje nytt. Hytta skal vera slik ho var då barna var små.

Det har vore viktig for henne å ikkje endra så mykje. Fordi ho har flytta så mykje elles, er det viktig å ha eit stabilt punkt.

– Heime i Stavanger har me funkishus, og det same har me i Spania. Då er det godt å ha noko heilt anna på hytta, forklarer ho.

Vinduskarmar er fulle av pyntegjenstandar, også veggar og kjøkken vitnar om hytteeigarens store kreativitet. Solveig Margrethe har brodert og vevd og støypt pyntefigurar som prydar Vennebu.

Vennebu ligg like i vannkanten. Foto: Fredrik Refvem
Dette teppe er vevd av Solveig Margrethe. Det har fått namnet Vinternatt. Foto: Fredrik Refvem

Då hytta kom på snakk i 1993, hadde ho og hennar tidlegare ektemann nyleg bygd hus i Stavanger. Likevel valde dei å satsa på hytta som då kosta 300.000 kroner. Eit vennepar kjøpte hytta vegg i vegg.

– Ein nabo selde ei lik hytte for nokre år sidan. Ho gjekk for vel 1,7 millionar kroner og sette dermed rekord for kvadratmeterpris i Sirdal. For vår del blir det aldri aktuelt å selja. Her vil eg kunna komma til eg blir gammal, slår ho fast.

Desse trolla er også laga av Solveig Margrethe. Foto: Fredrik Refvem
Sauer set sitt preg på ei avdeling i stova i hytta. Dette er jo Sirdal. Foto: Fredrik Refvem
Vasene er kjøpt i Skagen i Danmark og er fylt av lyng, blomar og strå plukka rundt hytta. Foto: Fredrik Refvem

Tv-fri sone

For nokre år sidan møtte ho Erlend Undheim som ho nå er gift med. Han blei også raskt knytta til hytta på Sageneset og kan godt reise opp hit åleine om kona er opptatt med andre ting.

Hyttefeltet er ei blanding av utleigehytter, firmahytter og vertikaldelte hytter som denne. Solveig Margrethe og Erlend brukar hytta mest vinterstid, men er regelmessig innom året rundt. Mai er ei tid dei likar seg godt, for då er det veldig stille i området.

– Eg er så glad i å dra på hytta at det hender eg blir irritert om me blir invitert til noko midt i helga, seier Solveig Margrethe og ler halvt orsakande.

Dette kjøkkenet har sett slik ut sidan 1993, og paret har ingen planar om å få seg oppvaskmaskin. Foto: Fredrik Refvem
Erlend og Solveig Margrethe bygde eit anneks i tilknytting til hytta, og bygget blei av naboen raskt døypt til Kosebu. Foto: Fredrik Refvem
Fredagskveldane er det sofaen som gjeld, fortel Erlend og Solveig Margrethe. Sofaen er av nyare dato, den gamle hadde inkamønster i typisk nittitals-stil. Foto: Fredrik Refem

Ekteparet har begge svært travle jobbar i høvesvis velvære-og betongbransjen.

– Fredagskvelden på hytta sit me mest i sofaen og stirar, men så kjem energien seg til laurdagen, fortel ho.

Dei har ikkje tv på hytta, det er eit viktig prinsipp for Solveig Margrethe. Det hadde dei heller ikkje då dei tre barna hennar var små.

Til si store glede ser ho at også barnebarna er glade i å teikna og spela spel når dei er på hytta. For henne har det alltid vore viktig at livet skal vera litt annleis når ein er på Vennebu.

På hemsen er det soveplass for gjester. Foto: Fredrik Refvem
Furugolvet i hytta er erstatta med laminat. Og veggane som før var lyngrosa er nå kvite. Foto: Fredrik Refvem
På hytta står det ting tett i tett. Minimalisme er ikkje hyttekos for Solveig Margrethe. Foto: Fredrik Refvem
Denne høna i gangen har Solveig Margrethe laga sjølv. Foto: Fredrik Refvem
Grisen i steikepanna pyntar opp på kjøkkenveggen. Foto: Fredrik Refvem

Krev mykje rydding

Paret likar å lesa. Det hender også dei spelar kort, sjølv om det ifølge henne er eit sjansespel, sidan Erlend er ein svært dårleg tapar.

– Det er nesten så eg bør lata som eg tapar, seier ho og ler.

Ute kikkar sola fram mellom regnbygene, og det glitrar vått i blåbærlyngen som står kloss i terrassen. Solveig Margrethe er glad i å plukka bær og å mata fuglar.

Elva Sira ligg blank og fredeleg like utanfor. Her blir vatnet fort varmt om sommaren. Fisk finst det også, men berre ganske små, fortel hytteparet. Ikkje langt unna finst det også ei sandstrand kor barna har hatt mykje moro.

Å ha ei så lita hytta krev at ein heile tida har det ryddig. Det hender Solveig Margrethe kunne tenkt seg at hytta var bittelitt større, og draumen er å byggja eit anneks der ho kan måla bilete.

– Det blir ikkje til at du pakkar ut målarsakene i denne stova, fordi det er for mykje styr, påpeiker ho.

Elles er ho nøgd med storleiken, for å ha lita hytte betyr at det blir mindre å halde ved like og vaske. Skal dei ha mange gjester, kan ho berre leige seg ei ekstra hytte i feltet.

Kos eller blodsmak?

Om vintrane går dei mest på bortoverski. Då Solveig Margrethe og Erlend kom i saman, merka dei straks at dei hadde ulik turkultur i ryggsekken.

Medan ho var van med å gå kortare etappar med mange innlagte nistepausar, var Erlend vand til å gå på som om det gjaldt livet, til målet var nådd. No har dei to funne ein meir felles turrytme.

Dei kan kjøra til hyttedøra også vinterstid for området blir måkt. Sageneset ligg kloss i eit flott løypenett.

I sommarhalvåret lagar Solveig Margrethe det meste av maten ute på terrassen. Myggen kan vera ei plage, men nå har paret funne eit apparat som reduserer plaga. Ei gasspatron som sender gass ut på eit 20 kvadratmeter stort område.