Her på Solbakken ovanom Ølesund på Randøy, kan 80-åringen sitja lenge og berre la auga segla inn over Jøsenfjorden si stadig endrande vassflate.

– Å kikka innover fjorden blir eg aldri lei, slår Olaug fast.

Ho er glad ho bytte ut og fekk store vindauge i kjøkkenet. Før var det berre ei lita glugge av eit vindauge her, for mannen hennar Odd, ville at bustaden deira skulle ha mest mogleg av løa i seg.

– Men det blei veldig mørkt inne. Difor er eg glad eg fekk sett inn store vindauge ved kjøkkenet.

Ho legg til at Odd nok hadde vore nøgd han også, om han hadde fått kikka gjennom desse vindauga.

Frå kjøkkenet har Olaug utsikt innover Jøsenfjorden. Foto: Fredrik Refvem
Det gamle reisverket i løa er godt synleg ved vindauga i stova. Olaug blir aldri lei av utsikta si. Foto: Fredrik Refvem
Eigedommen heiter Solbakken og ligg like ovanom Ølesund på Randøy. Olaug Holmen og mannen fekk arkitekthjelp til å skapa eit nytt tun, Foto: Fredrik Refvem

Dette var alltid heime

Olaug lever åleine på Solbakken no. Odd døydde frå henne for 11 år sidan. Det var han som kom frå Randøy, frå garden Holmen som ligg eit kvarters gange gjennom skogen frå løehuset hennar.

Dette bruket blei fråskilt frå hovudbruket. Ho og Odd kjøpte eigedommen som nygifte i 1963 og bygde seg ei hytte nedanfor låven.

Kvardagslivet blei levd i Viste Hageby på Randaberg, der Odd i mange år var rektor ved Randaberg ungdomsskule. Olaug arbeidde ved Rikstelefonen og i Braathens Safe.

Nesten kvar helg drog dei inn til Randøy. Familien kunne ikkje alltid dra før laurdag, for før i tida var skulane opne også laurdagar, minnest Olaug. Men inn måtte dei uansett.

Olaug bur i eit hus som er ei ombygd løe, til høgre. Løa blei inspirasjonen til alle bygga som står rundt tunet på Solbakken på Randøy. Foto: Fredrik Refvem
Slipesteinen står nå til pynt ved annekset, men Olaug har slipt mange reiskapar skarpe på denne steinen før. Foto: Fredrik Refvem

Ho serverer nysteikte lappar med geitost. Rørslene hennar er raske og smidige, og det viser på kroppen hennar at ho er mykje i aktivitet. Å sitja i ro trivst ho ikkje med.

Ektemannen og Olaug hadde begge landsbygda i blodet og under huden. Sjølv er Olaug oppvaksen i Hellandsbygd i Sauda.

Arbeidsferie

Å komma til hytta på Randøy, kjendest som å komma heim for dei begge, sjølv om det ikkje var snakk om nokon ferie, korkje for dei to eller dei tre barna som etterkvart kom til.

– Me måtte arbeida jamt og trutt, fortel eldstedotter Mette Holmen.

Spesielt somrane var travle. Besteforeldra trong mykje hjelp på garden. Men etter mellemat klokka 17, fekk barna fri. Då kunne dei gå og bade eller streife rundt i området som dei ville.

Denne kista kjem frå Hellandsbygd. Foto: Fredrik Refvem
Ein del arva møblar har fått plass på hemsen. Den blå stolen stammar frå Olaugs slekt i Telemark. Foto: Fredrik Refvem

Solbakken har sjørett og naust. Då Mette var ungdom, var det stas å køyra rundt Randøy i familiens båt.

Den slitne løa som stod ved hytta var ein ynda leikeplass. I eine enden var det eit rom med tørt og gamalt høy som barna kunne hoppa i. Oppunder løetaket hang ein streng med tobakk i. Løa hadde stått tom i lange tider, og ingen visste korleis tobakken hadde hamna der.

I 1997 brann hytta som Odd og Olaug hadde bygd. Dei ville bygge ei ny på same staden, men samstundes fekk dei ideen om å gjere løa om til ei hytte.

Paret følte løa inneheldt noko av det dei hadde mista i brannen. Sjela deira låg på ein måte i løa.

Odd og Olaug tenkte at arkitekt Per Line var mannen til å skapa løa om til ein bustad, men diverre blei han sjuk og kunne ikkje ta oppdraget. Jobben gjekk i staden til sivilarkitekt Thorbjørn Fuglestad ved Arkitektkontoret Vest på Bryne.

Utanfrå kjem du rett inn i steinkjellaren i den gamle låven. Den er nå blitt kjellarstove. Madrassene er både sitjeplass og overnattingsplass for gjester. Raudmønstra tekstilar går igjen i hytta og gir glød til den ubehandla furua. Foto: Fredrik Refvem
Frå soverommet har Olaug fjordutsikt. Foto: Fredrik Refvem
Løa er møblert og pynta med ein del gjenstandar som stammar frå den tida løa var i bruk. Foto: Fredrik Refvem

Løa er i alle bygningar

Bordkledningen var dårleg og måtte bort. Med grunnmuren, golv, takbjelkar og reisverk frå den gamle låven frå 1920-talet som basis, blei det bygd ei ny hytte.

To små soverom og bad har fått plass i eit lite tilbygg. På grunnmuren til den opprinnelege hytta blei det reist eit lite anneks med stove, sovehems og kjellar med plass til vaskemaskin.

Seinare er også kombinert garasje og snikkarverkstad komme til, og eit hønsehus, slik at det nå står fire små hus med løepreg rundt tunet. Kledningen på husa er inspirert av den gamle låvekledningen. Han er av kjerneved av furu som er behandla for å få eit værbitt preg. Å sjå til er husa ei krysning av den gamle låven og eit hus i skogen.

Kontrasten mellom gammalt og nytt er særleg tydeleg i hjørnet kor reisverket til den gamle løa er synleg i vindauga. Olaug saman med dottera Mette Holmen. Foto: Fredrik Refvem
Denne vekta stod i krambua som foreldra til Olaug dreiv i Hellandsbygd. Foto: Fredrik Refvem
Ovanom stova i løehuset er det laga ein liten hems. Foto: Fredrik Refvem
Denne teikninga fekk Olaug med seg då ho slutta i Braathens Safe som 62-åring. Foto: Fredrik Refvem

I sjølve hytta har paret i underkant av 100 kvadratmeter å boltra seg på. I tillegg kjem ein liten hems som har fungert som tumleplass for barnebarna då dei var yngre.

Løa er rustikt møblert. Olaug behandlar treverket i stova jamt og trutt, slik held det seg ganske lyst. I reisverket i stova har nokon rissa inn nokre bokstavar, men kven som rissa det inn og kva det tyder, er treverkets løyndom.

Pipa er laga av murstein som Olaug og ektemannen hadde samla gjennom lange tider. Dei hadde samla nesten nok stein då dei murte pipa. Det mangla berre to, minnest Olaug.

Ti høner i tunet

Dei to flytte permanent inn til Randøy då Olaug blei pensjonist i 2002. Alternativa var å flytte i blokk eller på hytta. Valet var ikkje spesielt vanskeleg.

Etter eit års prøvetid, melde dei permanent flytting til Hjelmeland hausten 2003. Og fekk etter søknad endra status på hytta frå fritidsbustad til heilårsbustad.

Dette bildet stammar frå sist gong Aftenbladet besøkte Olaug Holmen i 2004. Då levde også ektemannen hennar Odd. Foto: Fredrik Refvem
Dette tablået med ein gamal spegel og eit symaskinsbord er det første du ser når du kjem inn i stova i løehuset. Foto: Fredrik Refvem

I starten av pensjonisttilværet trippa ti høner rundt her.

Dei levde det gode liv og merka at dei var mykje meir ute enn på Randaberg. Dei arbeidde meir fysisk og gjekk mykje tur. Men det skulle ikkje gå mange åra før Odd måtte gje tapt for alvorleg sjukdom, og hønene forsvann i den tida ektemannen var sjuk, fortel Olaug.

Ho kunne som han, aldri tenkt seg nokon annan plass enn den grøne glenna i skogkanten ovanom Ølesund. Her hadde ho og ektemannen eit viktig arbeidsfellesskap gjennom alle åra dei var gifte.

Olaug har arbeidet i kroppen og sit sjeldan i ro. Å lø ved eller arbeida i hagen gir dagane stor meining.

Mange vener i skogen

Fuglekassar heng på fleire trestammar rundt huset i skogen. Heile tida er det fuglar eller ekorn som lever og lagar lyd mellom trea. Rådyr er også innom eigedomen.

Livet i fuglekassane gir Olaug mykje å følgja med på vår og sommarstid. Foto: Fredrik Refvem
På soverommet heng ein heimelaga nattkjole frå ein av Olaugs formødrer. Foto: Fredrik Refvem
Skógarbraut er eit islandsk skilt Olaug fekk av ein kollega. Kor kunne det vel passa betre enn her? Foto: Fredrik Refvem

Ein eføy slynger seg frodig rundt ein furustamme, og epletrea nedanfor stoveglaset gløder av raude eple.

– Men frukthausten er elendig. Epla ser fine ut, men er fulle av makk, klagar Olaug.

Olaug som Odd likar å ha minne om det gamle bondesamfunnet rundt seg. Ein slipestein står på høgkant ved annekset, og inne står den gamle vekta ho arva etter foreldra som dreiv krambu i Hellandsbygd.

Solbakken er ein stor eigedom med mykje plen. I tillegg har ho mange frukttre og rundt 140 rododendronar å ta seg av.

– Men no har eg hyrt hjelp til å slå graset, fortel Olaug.

Barn og barnebarn set også pris på Solbakken. Hyttelivet har Olaugs tre barn ført vidare til sine etterkomarar. Mette og ektemannen har hytte i Kragerø, dottera Gyrid har hytte i Vågslid og broren Hans Olav har hytte på Rauland.

80-åringen føler seg godt motteken i Hjelmeland og har fått fleire vener her opp gjennom åra. Dermed ser ho det som lite aktuelt å vende nasen mot bylandet igjen, når alderen sig på.