Ekteparet Bodil Mauritzen og Torbjørn Presthus har nettopp hatt si første økt i snøen då me kjem på besøk den siste vinterferiedagen. Torbjørn har fersk hjelmsveis og svinsar rundt i stillongs, Bodil har lufta familiehunden Kalki og tuslar rundt barbeint medan ho lagar kaffi.

Dei to sønene Mikkel (10) og August (17) er i skitrekket, medan dottera Lotte (14) er barnevakt for eit foreldrepar i nabolaget.

I alpingrenda kan dei køyra til døra, og dei slepp å ha med anna enn mat, for alt står klart i leilegheita. Ved å bu eit burettslag slepp dei unna både snømåking og vedlikehald. Det betyr mange timar ekstra ute i vinteren.

I andre etasje i midten held familien til. Leilegheita kjøpte dei på billegsal i 2013. Foto: Fredrik Refvem
Å bu i leilegheit gjer at familien slepp å tenkja på vedlikehald og snømåking. Det siste er ein stor fordel, for i Røldal snør det mykje. Veldig mykje, fortel Bodil og Torbjørn. Foto: Fredrik Refvem

Leilegheita blei møblert ved å tømma garasjen for arv etter foreldra til Bodil og ved å tynna ut i møblementet i heimen. Sovesofaen kom frå lageret på Ikea og blei vald fordi han ikkje såg ut som ein tenårings-sofa. Slik slapp dei unna med berre eit flyttelass, helga etter kjøpet var bestemt.

Med så små flater å boltra seg på, sa det seg nesten sjølv kvar møblane måtte stå, legg Bodil til. Ho presiserer fleire gonger at i denne familien finst det inga dame som går i blomstrete kjole og puslar med design.

I Røldal har Torbjørn Presthus vore sidan ungdomstida, og det var her han og Bodil lærte seg å køyra snøbrett i yngre år. Nå har familien leilegheit her. Foto: Fredrik Refvem

Billegsal etter konkurs

Bodil og Torbjørn har ei fortid som skibomsar i Røldal frå yngre kjærasteår. Å komma tilbake hit som trebarnsforeldre for sju år sidan, smakte difor ekstra godt. Her har paret også møtt mange gamle snøbrettkjenningar. Røldal er eit eldorado for menneske som likar alle typar skikøyring, fortel dei to.

I 2009 gjekk Otium som stod bak Røldal Alpingrend, konkurs. Byggetrinn 3 som Bodil og Torbjørns leilegheit ligg i, var ferdigbygd, men ikkje ein einaste leilegheit var seld. Marknaden var metta fordi det var bygde for mange slike husvære på for kort tid.

August i svevet over Røldal Alpingrend. Etter dagens økt i trekket, er det berre å renna heim til leilegheita. Foto: Fredrik Refvem
Torbjørn nærmar seg 50, men turnerer snøbrettet som ein ungdom. Foto: Fredrik Refvem

Imens dyrka paret og deira stadig aukande familie vinterlivets gleder i leigde husvære, anten i Sirdal, Sauda eller Røldal. Men draumen om sitt eige levde i tankane. Utfordringa var at dei ikkje hadde så mange pengar, for på Vaulen i Stavanger skulle huset pussast opp.

I 2012 blei bueiningane i Røldal Alpingrend, trinn tre, lagt ut på billegsal. I romjula 2012 leigde familien hytte i Røldal, og Bodil blei med på ideen om leilegheit. 2. januar 2013 kontaktar Torbjørn banken. Dermed såg ekteparet at det kunne vere mogleg å lura Røldal inn på budsjettet.

Dei som kjøpte husvære i alpingrenda, blei i tillegg freista med at dei skulle få tilbakebetalt 1000 kroner per kvadratmeter som kompensasjon for såkalla utleigeplikt, i tre år. I praksis betydde det at Torbjørn og Bodil ville få 47.000 kroner årleg og difor ha gratis husvære dei tre første åra.

Totalt betalte dei 970.000 kroner for leilegheita. Felleskostnadane er på 1400 kroner månaden.

Funksjonelt og ikkje fancy

– Me kjøpte leilegheita usett og møblerte henne stort sett med det me hadde. Dei som jaktar mote og design, må besøkja nokon andre. For oss er det viktigast å ha det smått og funksjonelt, slik at det blir minst mogleg vasking og mest mogleg tid ute i snøen, seier Bodil medan ho nippar til ein liten kopp kaffi, der ho står lent mot kjøkkenbenken.

På golvet tumlar den italienske vannhunden Kalki rundt på stoveteppet. Både teppet og Kalki minner om skibomsar med rastafletter, så det er ikkje alltid like enkelt og sjå kvar hunden sluttar og teppet byrjar.

Bodil og Torbjørn lovprisar leilegheita og likar at få kvadratmeter betyr at ho er rask å rydde og vaske. Likevel er det ikkje alltid dei reiser i frå eit strigla husvære. Men kva betyr vel det? Det viktigaste er å få nokre ekstra minutt ute i naturen, anten det er i trekket, ein nærliggjande skråning, eller i ei skiløype.

Frå stovevindauga viser Torbjørn oss djevelrenna, ei stupbratt fjellside på rundt 45 grader kor mange våghalsar set utfor. Bak leilegheita er det også ein bratt bakke kor familien med største eleganse sklir ned på anten ski eller snøbrett etter ein dag i trekket.

Stavangermannen var ein ivrig telemarkskøyrar då han og Bodil møttest. Han prøvde å lære kjærasten opp i denne teknikken, men på grunn av ein handballherja kropp, følte aldri Bodil at ho fekk skikkeleg teken på dette. Dermed bestemte dei seg for snøbrett, sidan Bodil hadde surfa ein del, og han hadde drive med skateboard.

Hunden Kalki matchar stoveteppet som stammar frå huset i Stavanger. Foto: Fredrik Refvem

Råtassar på ski og brett

Denne aktiviteten har dei halde fast ved opp gjennom åra, men Torbjørn er også ein ivrig frikøyrar, til liks med eldsteguten August. Dei to yngste, Lotte og Mikkel, er også dyktige frikøyrarar, men dei har som mor si også blitt glade i langrennsski.

– Mange i Røldal er fantastiske gode på ski. Dei er vande til å køyra når det er jordmørkt, i snøstorm og i dårleg sikt. Fleire har difor også gjort det skarpt i frikøyring. Bygda har eit stort frikøyrar- og brettmiljø, og folk kjem langvegs frå for å stå på ski her, seier Torbjørn.

Mamma Bodil skyt inn at Lotte blei nummer to i Røldal Freeride Challenge i 2018 og slo prinsesse Ingrid Alexandra, som blei nummer fire.

Også far i huset, Torbjørn, er med i frikøyringskonkurransar for seniorar. Ekteparet, som begge er 47 år, brukar yoga for å halda kroppane mjuke og smidige.

Yoga er for øvrig levebrødet til Bodil, som eigentleg er utdanna sivilingeniør. For 16 år sidan hoppa ho av ingeniørkarriera og valde i staden å starte eige yogastudio. Torbjørn, som også er utdanna sivilingeniør, arbeider som businessmanager hjå Aker Solutions.

For nokre år sidan leitte han etter jobb i Røldal fordi heile familien kunne tenkje seg å bu her fast i ein periode mens barna var yngre.

Bodil er yogainstruktør i Stavanger. Ho gjer yoga kvar dag i Røldal også. Foto: Fredrik Refvem
Leilegheita er møblert etter innfallsmetoden og etter kva som er praktisk og funksjonelt. Bodil og Torbjørn er ikkje interesserte i design. Dei er interesserte i snø. Foto: Fredrik Refvem

Kan bli litt krangling

Nå har dei slått frå seg tanken om å bli fastbuande røldølar, men dei er her så ofte dei kan. Dei er blitt svært knytta både til skimiljøet, men også til bygdefolket.Det hender rett som det er Bodil har heimekontor i Røldal.

– I denne bygda er dei heilt spinnville. Same kor mykje det bles, så er dei ute og køyrer opp spor. Føremona er at landskapet er så variert at om det er uvær ein stad, er det berre å flytte seg til ein annan stad i dalen for å finne ly, fortel Bodil.

Ei sambatrapp fører opp til hemsen. Foto: Fredrik Refvem
Dette er soverommet til dei tre barna. Foto: Fredrik Refvem
Spel og lesestoff har fått plass i kroken ved sovesofaen. Foto: Fredrik Refvem
Leilegheita er berre 47 kvadrat. Det betyr at familien må vera mykje ute. Frå venstre: Mikkel, Lotte med hunden Kalki, Torbjørn, Bodil og August. Foto: Fredrik Refvem

Saman med hunden Kalki har ho utforska det som meste Røldal og tilliggjande område har å tilby av løypenett og turstiar. Denne hunderasen er spesielt veleigna til turar i snø og er ifølge Bodil den med det mest stabile humøret i familien.

Sjølv om alle tobeinte også for lengst har funne tonen med vinter og snø, er det ikkje alltid dei finn tonen med kvarandre. Bodil og Torbjørn vedgår at det til tider kan bli ein del krangling når dei bur så trongt, spesielt no når barna er blitt eldre. Alle tre må til dømes sova på same rom.

– Men då gjeld det berre å komma seg ut i snøen og stå på heile dagen, slik at ein ikkje har krefter til å bråka når ein kjem inn att, påpeiker Bodil.

Alle tre barna har funne seg mange vener i Røldal, både blant dei fastbuande og blant dei tilreisande. Foreldra tykkjer dette er svært praktisk fordi dei ikkje har plass til å ta med vener frå byen.

Både små og store i alpingrenda er blitt godt kjende og går ofte på middagsbesøk til kvarandre. Dei unge får på kveldstid eller ved uvær lov å henge saman på Røldalsterrassen så lenge dei oppfører seg fint. Her er det også trådlaust nett kor dei kan laste ned filmar, for så langt har ikkje Bodil og Torbjørn tilbydd barna nettilgong i leilegheita.

– Men me skal sikkert få nett, seier Bodil.

– Kanskje, seier Torbjørn.

Familien set pris på at røldalsområdet har eit stort løypenett og eit skikkeleg skitrekk. Det å kunna driva med fleire typar ski i same området er ein stor kvalitet med området her. Dessutan er det alltid rikeleg med snø, fortel ekteparet.

Dei brukar rundt tre timar til Røldal frå Vaulen. Vanlegvis reiser dei via Boknafjorden, men nå har dei også prøvd Ryfast og reknar med at dei kjem til å reise oftare gjennom Ryfylke framover, når rasfaren ikkje er altfor stor i Bratlandsdalen.

Ut av byen så fort som råd

Nyleg tok Bodil og Torbjørn seg også fri ein dag midt i veka for å stå i skitrekket i Røldal.

I byen er familien også aktive. Dei går mykje tur i Sørmarka, og Bodil og Kalki går regelmessig fjellturar i nærområdet. Dei to yngste barna spelar fotball, medan eldsteguten og Torbjørn er aktive terrengsyklistar.

I Røldal er dei i alle vinter- og påskeferiar. Haustferiane er dei også her. Julaftan blir feira her annakvart år. I skisesongen er leilegheita i bruk så å seie kvar helg. Før vinterferien har Røldal skisenter kveldskøyring, og då er målet å komme seg så tidleg frå Stavanger at familien rekk eit par timar i bakken før dei tek kveld.

I bilen har det i mange år vore felles lytting til lydbok. Nå har dei to eldste fått telefonar med øyrepluggar, så då er det berre Bodil, Torbjørn og minstemann Mikkel som høyrer lydbok.

Det kan likevel bli bråk blant dei tre i baksetet, men paret bryr seg likevel ikkje om å eiga korkje romslege bilar eller hytter, sjølv om det kunne gitt mindre krangling. Det handlar om livsinnstilling. Bodil og Torbjørn vil heller at familien skal få opplevingar, i staden for å bruke mykje pengar på materielle ting.

– For nokre år sidan reiste me heller til Australia, i staden for å bruka 200.000 kroner på å pusse opp badet heime, seier Bodil.

Paret er også opptekne av å vera nøkterne når det gjeld utstyr. For det er ikkje utstyret som gjer deg god på ski, like lite som det er huset som gjer deg lukkeleg, hevdar dei.

Bodil driv sjeldan med strikking, difor er ho ekstra stolt over desse trekka som kjem frå eigne strikkepinnar. Foto: Fredrik Refvem
På grunn av liten plass, får ingen ha meir enn eit sett av kvart plagg. Foto: Fredrik Refvem

Eit sett av kvar

Difor blir både skiklede, ski, støvlar og stavar sirkulerte i Røldal. Bodil sine ski er ti år gamle og Torbjørn si skibukse er svært velbrukt og har gaffatape i skrittet , men så lenge ho heng saman, får buksa bli med vidare.

Å leva på så få kvadratmeter hjelper også til med å halda kostnadane nede. For alle i familien må greie seg med eit sett av både klede og anna utstyr. Blir vottane våte, må du gå inn og tørke dei.

– Med så lite plass har me ikkje høve til å mange sett av alt, forklarer Bodil.

Det viktigaste for foreldra er at utstyret er skikkeleg og godt, for i Røldal kan føret veksla mellom blåis og ein halv meter pudder.

Familien er opptekne av tryggleik, og barna får aldri gå i rasfarlege område. Dei har også alltid med seg skredsøkar når dei renn i terrenget. Føremona med Røldal er at i den grad det rasar, er det helst ras i laussnø og ikkje flakras som oppstår i område med meir stabilt klima kor snøen blir svak heile vinteren. Slik snø blir det sjeldan i Røldal. I bygda med kystklima bryt regnet regelmessig opp snølaga, forklarer Torbjørn.

Det er trongt i leilegheita i Røldal Alpingrend, men takhøgda er det ingenting å seie på. Lampane er kjøpte på Ikea. Foto: Fredrik Refvem
Bodil og Torbjørn har soverom på hemsen. Det betyr at dei har blitt vande med å sova i høge temperaturar. Foto: Fredrik Refvem

Jaktbu med komfort

Familien satsar på å bli verande i leilegheita også framover.

– Me vil ikkje ha noko gigantisk hytte med plass til barn, svigerbarn og barnebarn. Å ha plass til storfamilien er fort eit påskot for å kjøpa seg noko stort, men det blir ikke alltid ein idyllisk samlingsplass, påpeiker Bodil.

Ho meiner å ha sjølvinnsikt nok til å forstå at ho kanskje ikkje blir noko draumesvigermor å ha med på hyttetur.

Dei siste somrane har familien leigd ut husværet på Airbnb. Flesteparten av turistane skal gå til Trolltunga eller er på bilferie.

I annonsen på Airbnb omtalar paret leilegheita som suiten.

– For meg er denne staden ein blanding av suite og jaktbu. Du har moderne komfort, men når me alle skal tørka kleda våre her inne, minner det samstundes om ei jaktbu, påpeiker Torbjørn.