Draumen handla ikkje om noko fancy pancy, men om ein ryddig og praktisk stad kor dei kunne gli inn i ein heilt annan tilstand enn heime.
– Det er ikkje lett å få til på hytter kor inngangspartiet er 2 kvadratmeter stort og du må brøyta deg veg gjennom haugar med våte klede og berg av skiskor, slår dei fast.
Praktisk vri
– Når ti personar har vore ute på ski og kjem inn att våte til skinnet, blir det kaos. Slik ville ikkje me ha det på vår eiga hytte. Her er inngangspartiet romsleg, og alt utstyr har sin faste plass, fortel Geir Gjervan.
Han og kona kjøpte hyttetomta alt i 2007, men først i 2012 stod hytta ferdig. I mellomtida dreiv paret grundig hytteresearch kvar gong dei var på firmahytter rundt forbi.
Dei noterte seg ned kva som fungerte og kva som absolutt ikkje gjorde det, og teikna deretter den ultimate hytta tilpassa deira behov.
Ved å ha ein romsleg gang og laga til rom med knaggrekker, hyller og andre godt gjennomtenkte løysingar som gjer det lett å halda fritidsbustaden ryddig, blei det enkelt å etterleva hytteregel nummer ein: Det er forbode å stressa på hytta.
Johannes Møllerup orket ikke se låven fra 1800-tallet kollapse. Nå har 81-åringen bygget om låven til leilighet.
For å kunna etterleva hyttelivets regel nummer to: Nei til bakglatte ski, var det tvingande nødvendig med ei velutstyrt smørebu, ifølge Geir.
For trønderen er det sjelefred å stå og smøra familiens ski om kveldane. Mens ektemannen smører ski, står Siri på kjøkkenet og lagar langsam mat. Ho elskar å kokkelere. I byen er matlaginga ofte heseblesande stress. På fjellet, derimot, er det ein fryd, fortel ho.
Hotell-frukost
– Eg kan stå i timevis og lage mat. Har me gjester, kan dei berre stå utanfor benken og drikka vin mens me pratar saman. Hyttematen skal vera vellaga og måltida lange. Frukostane skal ha hotellstandard med pynt på tallerkenane og heimebakst. Dei to sønene våre rynkar på nasen dersom det skulle dukka opp eit Hatting-produkt i brødkorga, seier Siri leande.
Hytta er laga slik at ho skal kunna fungera både for kjernefamilien og for storfamilien, og dei har hatt gjestebod på opp mot 30 personar. Så godt fungerer hytta at ho no går under namnet «Langedalen pizzaekspress», fortel ekteparet låttmildt.
Fritidsbustaden har heile 12 sengeplassar fordelte på seks soverom.
Siri og Geir er glade dei fekk hytta i tide til at sønene Martin og Simen også fekk hyttelivet i blodet slik begge foreldra har.
Hagen blåste bort, og de må lage sin egen strøm. Anders og Hilde kan ikke tenke seg et bedre sted å bo.
– Gutane stortrivst her oppe. Me er svært glade for å kunna føra hyttearven vidare til barna våre, seier Siri og Geir.
Snøparadis
Foreldra føler dei får ei anna ro over familiesamværet når dei er på hytta. Dei ler mykje og sit gjerne berre og pratar eller spelar spel.
Om dagane er det full fart på fjellturar eller i skibakken.
For å rekka dette draumelivet legg dei vinn på å komma seg så raskt frå byen som praktisk mogleg fredag ettermiddag. Familien er kjende på feltet for å alltid vera dei første på hytta.
– Helgekjensla kjem med det same me set oss på ferja i Mortavika. Reisa tek tre timar. Me kjøper litt god mat i byen, og minst mogleg på ferja. Deretter ventar to timar i bil der ingen skal noko anna enn å sitja i lag og prata. Det er rettnok dobbelt så langt til Seljestad som til Sirdal, men tida i bilen er også kvalitetstid. Dessutan varer skisesongen frå november til mai her oppe, påpeiker dei.
Hytta har naturlegvis fått namnet «Drømmen».
Her er dei kvar vinterferie og påske. Nyttår blir feira her kvart år, i år blei også jula feira på hytta og den var veldig kvit. Ofte er det mellom to og tre meter snø rundt hytta vinterstid, så ein eigen snøfresar er eit must.
På hytta er dei meir sosiale enn i byen. Kjenningar i hyttefeltet går ofte på besøk til einannan, fortel Geir og Siri.
Ein million billegare
Mange av hyttenaboane kjem frå nordfylket og Sunnhordland, men fleire og fleire frå Nord-Jæren har også trekt mot røldalstraktene. Geir er spent på korleis Ryfast og Rogfast vil slå ut for hyttemarknaden i Odda kommune.
– For vår del handlar det både om pris, men også om betre skimuligheter og betre skitrekk. Ei hytte her er ofte rundt ein million kronar billegare enn i Sirdal, påpeiker Geir.
Familien noterte 120 hyttedøgn i 2017, og det er rekord.
Berre i sommar var familien 30 døgn her oppe. Hytta er i så å seie i bruk året rundt, med unntak av snøsmeltinga i mai og juni.
– Det er jo her me helst vil vera, seier paret.
Så mykje betyr hytta for dei, at dei selde det store huset sitt i Stavanger og kjøpte seg eit lite rekkehus for å ha minst mogleg styr i byen.
– Me vil bruka tida vår på «Drømmen». Å selja denne staden sit svært langt inne. Då skulle eg heller budd i campingvogn i Stavanger, seier Siri.
Ho meiner ho får ekstra lange armar på hytta, fordi skuldrene hennar er så låge. Det beste Siri veit er å stå opp grytidleg og setje seg til med ei bok og kaffikoppen.
Stavangerkvinna kjenner eit stort velvære så fort ho kjem over tregrensa der fjellet opnar seg.
Siri er lektor ved St. Svithun videregående skole. Geir jobbar som kommunikasjonsrådgiver i eige selskap.
Jane og Thomas si hytte har blitt eit kjend landemerke i Sirdal
For ekteparet er det viktig at hyttelivet ikkje er rutinar, men ritualer. Det er viktig å ha gjeremål som berre høyrer hyttelivet til. Som det å ha noko godt i glaset fredagskvelden og eta pinnakjøt ei vanleg helg midt i november.
Elg-elskar
Hytta ber sterkt preg av Siri si interesse for teite elgar. Ein heilt vanleg elg i solnedgang, fell gjennom. Elgen må vera løyen, men lektoren innser no at det nærmar seg ei grense før hobbyen bikkar over og blir knalsk.
Hyttefolket og elgane har elles entusiastisk selskap i hunden Teddy som til liks med herrane sine er blitt ein hyttelivsnytar av rang. Siri skaffa seg hund for å ha nokon å gå på fjellturar med, men etter Teddy kom, vil alle vera med hunden og gå tur, fortel ho muntert.
Familien kan også stolt fortelja at dei omsider knekte kantarellkoden i Seljestad. Ivrige bærplukkarar har dei vore lenge.
Ein Odda-tur er også eit fast innslag under hytteopphalda.
– Det er så avslappa å gå i butikkane der. Alle snakkar med alle, fortel Siri.
Noko av det beste ekteparet veit er synet av løypemaskina som kjører gjennom snøtung skog medan dei et frukost, og vita at dei er godt i rute til å få nyta pudderet i skitrekket. Familien Gjervan er nemleg kjende for å vera tidlege i bakken.