Foreneset er hennar barndoms hytteparadis. Her hadde morfar og mormor hytte. Hytte med torvtak kor Iselin fekk plukka markjordbør om somrane.

Gåsungane er i ferd med å spretta ut, og fuglane kvitrar muntert under ein regntung himmel.

– Å, nå lengtar eg etter våren, sukkar Iselin og flyttar litt på stjernekikkerten ho har ståande i stoveglaset.

Fred og ro

– Me hadde ikkje behøvd kikkerten, for her kan me jo berre gå ut og kikka på stjernene sidan det ikkje er så mykje lys rundt oss. Så her følgjer me berre med på naboane, spøker ho.

Stjernekikkerten er ikkje så mykje i bruk. Nybø spionerer ikkje på naboane, kan ho forsikra. Foto: Fredrik Refvem
Iselin Nybø er glad for at ho fekk tak i ei moderne og ny hytte, fordi ho ikkje ville hatt tid til å byggja sjølv. Foto: Fredrik Refvem

Dagen før avslørte kikkerten noko plast som flaut ute i fjorden. Diverre låg søppelet så langt frå land at venstrepolitikaren og niesa Annabell (7) ikkje fekk tak i det.

Vegen ligg kloss i hytta, men det sjenerer ikkje stavangerkvinna det minste.

– Det kjøyrer berre fem bilar forbi i døgnet, så vegen er slett ikkje noko plage. For meg som er vand med å ha folk tett på i Stavanger og Oslo, er det å komma på hytta forbunde med fred og ro, sjølv om ho ligg i eit hyttefelt, fortel Iselin.

Mykje på kjøpet

Iselin og sambuaren Eivind Enoksen kjøpte hytta i 2017. Hytta var berre tre år gamal og blei seld med både møblar og kvitevarer og ein del anna lausøyre.

Å gå i fjøra på leit etter småkrabber og andre småkryp er noko Iselin Nybø og niesa Annabell likar godt. Foto: Fredrik Refvem

– Eg ville nok ikkje vald ei slik hytte om eg skulle bygd ei sjølv, men faktum er at då ville eg aldri fått meg ei hytte, for korkje eg eller sambuaren ville hatt tid til eit slikt prosjekt. Så å kjøpa heilt ferdig passa oss perfekt, slår ho fast.

Ikkje har dei tid eller interesse for interiør heller, legg ho til.

– Mannen min sa at dette var ein tabbe! Å sleppa avisa inn hit. Ikkje for det at me ikkje har det koseleg her inne, for det syns eg me har, men det er ingenting som er veldig gjennomtenkt, altså, seier ho låttmildt unnskyldande.

Paret såg på fleire hytter før dei bestemte seg for denne. Det var viktig at hytta ikkje kravde for mykje vedlikehald. Iselin ville ikkje at ho skulle ligge for nær ein foss, men nær sjøen måtte hytta liggja. Hytta dei fekk tak i, har eigen båtplass og naustbod.

Husmor på hytta

Fritidsbustaden har vore mykje i bruk i helgane dette året. Iselin likar å kunna dra rett frå flyplassen til Fiskepiren for å ta hurtigbåten inn til Foreneset fredag ettermiddag.

Bryggeliv er ein viktig del av hyttekosen. Foto: Fredrik Refvem
Hytta ligg kloss i vegen, men det sjenerer ikkje. Foto: Fredrik Refvem

Dei helgane ho ikkje kan unna seg ei hyttehelg, dreg gjerne sambuaren inn. Eivind Enoksen er jurist og venstrepolitikar. Han arbeider i Mattilsynet.

– Om vinteren reiser me på hytta for å sleppa og frysa, for hytta er langt varmare enn det gamle trehuset me har i Stavanger. Der blafrar rullegardinene i vindkasta, seier Iselin leande.

Hytteliv for Iselin er å falle til ro, gjerne over ein gjærdeig eller eit strikkeprosjekt. Den 37 år gamle ministeren er eigentleg ei skikkeleg hobbyhusmor på hytta. Her heng heimehekla gryteklutar, ei heimesydd korg til løk og nå er ho i gong med å spøta pledd og ein genser.

Hytta har eiga syrom kor Iselin har ulike prosjekt på gong. Annabell likar å vere med faster på hytta. Foto: Fredrik Refvem
Bakegleda deler Iselin Nybø med niesa Annabell. Foto: Fredrik Refvem
Dette pleddet er eit av strikketøya Iselin Nybø har liggjande på hytta. Når ho strikkar enkle ting, kan ho sjå på tv samstundes. Foto: Fredrik Refvem

Dei tre tantebarna skal dessutan få kvar sin adventskalender, er ambisjonen.

Spøtar gjer ho også som politikar. Ikkje alle møte eignar seg for strikkepinnar, men på ulike partimøte i Venstre finn ho av og til fram handarbeidet, fortel ho.

Iselin bakar og bakar, og spring rundt og leverer til hyttenaboar som tek takksamt imot. Annabell og faster Iselin viser fram muffinsar dei laga i går.

Eit av hyttas fem soverom er gjort om til syrom. Iselin hadde ei tid tre symaskinar, ein på hytta, ein heime og ein i Oslo. Då ho blei minister kvitta ho seg med den tredje maskina.

Hytta er betre isolert enn huset Iselin bur i heime i Stavanger. Der må ho alltid gå med tøflar. På hytta kan ho sleppa tærne fri. Foto: Fredrik Refvem

Tek ikkje heilt fri

Å ha hytte utan innlagt vatn og straum og nett hadde ho derimot ikkje elska.

– I eit så travelt liv som mitt må eg ha det komfortabelt. Å ikkje vera på nett er ikkje avslappande for meg, det er tvert om stressande. Eg likar å følgja med og tek ikkje heilt fri i helgane heller. Det er dessutan alltid ein del papir som skal lesast.

Iselin har fleire slektningar som har hytte like ved.

– Eg er veldig sosial, og her på feltet går folk inn og ut hjå kvarandre utan å vera invitert på førehand.

Ho reiser seg for å visa oss rundt. Stovevindauga er ein ting ho ville ha forandra om ho sjølv hadde bygd hytta.

– Eg ville naturlegvis hatt vindauge som gjekk heilt til golvet for å få maksimalt ut av sjøutsikta. Elles er dette ei praktisk og romsleg hytte, men eg saknar ei bod.

Sauene måtte heim

Sjølv om mange møblar følgde med hytta, har Iselin supplert med gjenstandar frå sitt eige liv. Fleire gjenstandar har ho fått av slektningar. Ein del pynteting stammar frå ulike reiser.

– Desse sauene i vindauget kom eg over då eg var i Finnmark. Eg såg straks at desse sauene høyrer heime på Foreneset, ler ho. Foto: Fredrik Refvem
Det arva syskrinet går godt i hop med trauet som Iselin har fått av far sin, Olav Nybø. Han har også lova dottera å pussa opp sybordet. Foto: Fredrik Refvem
Det rustikke stovebordet er også den nevenyttige faren sitt verk. Bordet var i si tid eit spisebord som faren sagde beina kortare på for å få det i passe sofahøgd. Foto: Fredrik Refvem

I sommar blir nok ikkje Iselin så ofte å finna på hytta. Hyttelivet sommarstid blir levd i Lødingen kommune der ektemannen kjem frå. Elles er sommarmånadane stort sett fullbooka med konferanse, Samordna opptak og Arendalsuka.

Denne duken i Marimekko-stoff ligg på kjøkkenbordet. Duken har Iselin Nybø sydd sjølv. Foto: Fredrik Refvem
Ein gong prøvde Iselin seg som glasblåsar. Resultatet blei særs vellukka. Foto: Fredrik Refvem
Desse soppane har Iselin dekorert sjølv. Foto: Fredrik Refvem

Å vera minister handlar om å vera synleg, og det er ikkje til å stikka under ein stol at dette blir ein konkurranse. Iselin plasserer seg slik midt på treet i denne tevlinga.

– I mitt departement får du ingenting gratis, her må me jobba for å visa igjen.

Berømt for bakst

På hytta kan ho visa igjen så mykje eller lite ho føler for. Her er det ingen konkurranse om tv-kamera og mikrofonar.

Likevel er det gildt å stikka nasen ut døra, gjerne med litt gjærbakst i handa som ho ønsker å dela med gode hyttenaboar. For her kjenner alle henne som Iselin, ho som hadde hytte her som lita og som er så veldig god til å baka.

Om nokre år kan baksten bli supplert med heimelaga syltetøy og saft, for bærbuskane er i jorda. Planane for framtidig sylting og safting store, kan ministeren forsikra.