Ombo, som Line Flesjaa knapt hadde høyrt om for fem år sidan, har grodd fast i hjartet hennar. 42-åringen ser ikkje for seg at ho skal bu nokon annan stad.

Hunden Alfa heiser godmodig og ivrig på oss då me kjem. I buret bak han gløttar Shiva ut.

Hytta (nærast) blei heimen for Line og familien. Då dei bestemte seg for å gjera hytta til heim, kjøpte dei nabotomta og bygde tatoveringsverkstad. Foto: Fredrik Refvem
Hytta har Line teikna sjølv. Foto: Fredrik Refvem
Line syns det finst mange stygge omnar, heldigvis fann ho denne som minner om ein gamaldags tv. Foto: Fredrik Refvem

Matmor Line har måtta skilja dei. Trekkhundane av rasen alaskan malamute var i ferd med å ryka uklar over ein vedkubbe ho hadde smurt leverpostei på.

Skal me få oss hytte? Tja…

Vindauga i hytta er store og høge for å ta inn mest mogleg fjord og fjell. Det aller beste er å vera ute, på tur til ein eller annan topp, eller å sitja på terrassen med kaffikoppen.

Line likar å lage mat frå botnen av. Golvet er børsta eik. Foto: Fredrik Refvem
I starten var alle veggar kvite i hytta, nå har Line og Glenn byrja å setja farge på enkelte veggar, for å skapa meir liv i romma. Foto: Fredrik Refvem

Line er oppvaksen i Randaberg. Ho og Glenn budde i Sandnes då hyttedraumen byrja å kribla i henne.

Ektemannen delte ikkje draumen, for han likte best å kosa seg heime i helgene. Å kava seg i veg til ei eller anna hytte, freista han svært lite.

– Eg er veldig sta og vil ha ting på min måte. Det var like før eg kjøpte meg ei campingvogn i Sirdal, då me via eit vennepar som hadde kjøpt eit småbruk på Ombo, fekk vita om nokre ledige hyttetomter, seier Line.

– Me drog inn for å sjå, men eg var langt frå overtydd, for helst ville eg ha hytte i Sirevåg eller på fjellet. Etter kvart skjøna eg at på Ombo gjekk det an å ha hytte. Snøen på Gullingen er ei kort reis unna, og sjøen ligg like nedanfor her. Dermed gjekk eg all inn for Ombo, og i prosessen blei også hyttegneisten tend hjå mannen min.

Teikna hytta sjølv

For å spara pengar bestemte Line seg for å teikna hytta sjølv. Ferdighyttene ho og Glenn hadde sett på, var både dyre og fall ikkje i smak. Ho prioriterte stor og luftig stove, for i Ganddal hadde familien eit trongt rekkehus.

Foto: Egil Schmidt

– Eg pinte soveromma og badet ned i storleik, for eg treng ikkje eit dansegolv på badet, forklarer ho.

Line sit og syr her ved dette langbordet. På greina over bordet heng det heilårs julepynt. Foto: Fredrik Refvem
Skøytene som heng til pynt i stova, tilhøyrde mor til Line. Foto: Fredrik Refvem

I første etasje la Line også inn tre soverom. I andre høgda er det to soverom og loftstove og hems. Line var byggeleiar, og både og ho og mannen fekk bu hjå veneparet så å seie kvar helg dei fem månadane hyttebygginga stod på.

På kjøkkenet erstatta bilder printa på plexiglas fliser. Foto: Fredrik Refvem
Kjøkkenbordet stammar frå heimen i Ganddal. Hytta har mange vindauge i fronten for å sleppa inn mest mogleg utsikt og fjord. Foto: Fredrik Refvem

Ekteparet monterte kjøkken og la alle golv sjølv. Det andre arbeidet blei utført av lokale handverkarar. Hytta stod ferdig vinteren 2016, og ho blei mykje brukt.

Glenn som hadde vore skeptisk til sjølve utfarten fredagen, kjende som kona at skuldrene seinka seg med det same dei køyrde om bord på ferja på Judaberg. Også dei tre sønene stortreivst med å ha fått ein heim nummer to.

Det gode livet til familien Flesjaa var blitt endå betre. Dei dyrka friluftsinteressa med stor intensitet, og hadde mange vener på hyttebesøk.

Det store vegvalet

Så blei Line sjuk. Etter nokre månadar med snikande og diffuse plager, fekk ho diagnosen Multippel sklerose (MS), ein kronisk og alvorleg nevrologisk sjukdom.

Gradvis måtte ho trekkja seg frå arbeidslivet. Å sitja heime på Ganddal å høyra på bilduren frå vegen kloss i huset, blei etter kvart uuthaldeleg. Stresset og jaget som bylivet førte med seg, gjorde sjukdommen verre. Dermed tok ideen om å bli bufast på hytta form.

Heldigvis fekk ho både ektemann og minsteguten med på flyttelasset. Den eldste guten var då alt flytta ut. Den mellomste, som skulle byrja på vidaregåande, fekk seg hybel. Line har ikkje trega ein dag på å la hytta bli den nye heimen.

Ho finn fred i naturen. Å ha fjell, fjord og skog rundt seg gjer henne godt. På Ombo let ho dagsforma styra livet. Ikkje alle dagar kjem ho seg lenger enn til stolen på terrassen, men så lenge ho er nær naturen, er ho takksam.

Då hytta skulle bli den permanent heimen, kjøpet paret nabotomta fordi dei ikkje ville ha naboar tett på. Her teikna Line eit nytt bygg som mellom anna husar ektemannens tatoveringstudio. Glenn vekslar på å ta i mot kundar på Ombo og i studioet i Sandnes.

Masker og figurar frå Glenns reiser pyntar opp tatoveringsstudioet. Foto: Fredrik Refvem
I sidebygget til hytta har dei laga ei stor loftstove. Veggane er av limtre-plater som er beisa for å få fram sjatteringane ekstra godt. Foto: Fredrik Refvem

I starten leigde dei berre ut huset i Ganddal for å ha ei fluktrute om Ombo ikkje innfridde, men etter ni månadar blei huset seld.

Ei hytte er ikkje eit hus

Å flytta frå eit hus til ei hytte med ei grunnflate på 90 kvadratmeter, innebar ein del rydding og sortering. Mange eigendelar blei gitt vekk eller seld, for dei hadde ikkje plass til så mykje på hytta som i huset.

Stovebordet er laga av to tv-benker som er skrudde saman. I endane har Line lagt inn tørka planter til pynt. I bordet lagrar dei koppar og kar. Foto: Fredrik Refvem
Alle soverom har dobbeltseng for Line vil ikkje ha madrasser liggande overalt. Foto: Fredrik Refvem
I gangen heng ei kufte til pynt og døra til badet er piffa opp med mange små speglar. Foto: Fredrik Refvem

Eit av soveromma i hytta blei gjort om til bod. Dei fann ut at fritidsbustaden korkje hadde veggar nok til alle møblane eller skap nok til alle tinga. Dessutan ser dei at dei skulle hatt trelagsvindauge i staden for tolags, men med mykje vedfyring held dei varmen likevel.

– I ei hytta har du berre laga plass til eit servise, i ein heim har du fire servise. Det gav oss nokre praktiske utfordringar i flytteprosessen. Men det gjorde oss flinkare til å prioritere og har lært oss å lagra ting kreativt når me har mindre plass. Skal du ha eit par nye skor, må eit par ut. Sjølv kvitta eg meg med store delar av garderoben min før me flytte inn. Her har eg stort sett ikkje behov for anna enn stillongs og turklede, fortel Line nøgd.

Ser niser i kikkerten

I stova er det høgt under taket, og vindauga går like høgt. Det gir eit mektig utsyn over sjøen og fjella bortanfor. Frå hytta har dei utsikt både mot Skiftun, Nesvik og Hjelmeland.

Gjennom stjernekikkerten kan Linn følgja med på alt som rører seg i fjorden. Foto: Fredrik Refvem
Paret har sansen både for det internasjonale og det nasjonale, som vinduspynten her viser. Foto: Fredrik Refvem
Hundane Shiva (t.h) og Alfa er viktige familiemedlemmer og turvener for Line. Foto: Fredrik Refvem
Familien har vore nokolunde sjølvberga med egg, men no har hønene slutta og verpa. Foto: Fredrik Refvem

Titt og ofte ser familien båtar stanga gjennom bølgjene på fjorden nedanfor. Line har utstyrt seg med stjernekikkert for å kunna følgja med på leiken i havet. Her kan ho sjå ørnar sigla forbi og båtar dansa på skumtoppane.

Gjennom kikkerten har ho også kunne gleda seg over synet av både niser og spekkhoggarfamiliar.

Påfuglen er over 50 år gamal og stammar frå eit dødsbu. Dette gamle lintøyskapet har Line malt. Foto: Fredrik Refvem
Glenn som er tatovør har tusja denne ventilen på soverommet til å bli reine kunstverket. Foto: Fredrik Refvem
Soveromma er plasserte i bakkant av hytta og er difor alltid svale til leggetid, sjølv på solvarme dagar. Foto: Fredrik Refvem

Familien leige båtplass og fartar mykje rundt på sjøen, anten for å besøka vener som har hytter rundt i Ryfylke eller for å dra i klatreparken på Nedstrand.

Familien er også glade i å padle rundt øya i kajakk. Skal dei handle, må dei køyre 20 minutt til matbutikken i Eidssund, eller ta ferja frå Skipavik over til Hjelmeland.

Handlar ikkje i utide

– Når ein bur i grisgrendte strok, er det slik at kjem du heim att etter handletur og har gløymt rømmen, ja så har du gløymt rømmen. Du køyrer ikkje tilbake til butikken ein gong til, slår Line fast.

– Me har blitt godt tatt i mot på Ombo. Dei fastbuande er hjelpsamme og omsorgsfulle. Eg har starta ein aktivitetsklubb for barn her. Turboklubben heiter den og er ein arena for tur- og naturglede.

Line trur ho som tilflyttar har vore med og vekt turgleda hjå fleire innfødde. Det verkar som om folk som har vakse opp midt i naturen, kan bli litt heimeblinde for alt det fantastiske dei har rundt seg.

– Som tilflyttar frå ein by har eg fått vera med og minna dei om alt det fantastiske naturen har å by på.