Hytta til komikaren Rune Bjerga og sambuaren Lena Apeland var ferdig i vinterferien.

– Det var ikkje verre for oss enn andre, men klart det kjendest litt kjipt at me ikkje fekk brukt den nye hytta vår meir i vinter, seier Rune Bjerga.

Då landet stengde ned, var hans første reaksjon å flykta til hytta, men det gjekk altså ikkje. Familien på fire har til gjengjeld blitt godt kjende med hytta si i ettertid. Gjennom ein lang sommarferie har dei fått budd seg inn.

Å kunna køyra til døra var eit ufråvikeleg krav då Rune og Lena skulle skaffa seg hytte. Ingen av dei er typane som går ein kilometer på truger for å komma til hyttedøra. Foto: Fredrik Refvem
Hyttene ligg tett i tett på Tjørhomfjellet, nett slik Lena og Rune vil ha det. Herifrå har dei panoramautsikt til Beinesvatnet. Foto: Fredrik Refvem

Dra musepekeren over bildet for å se hele uteområdet.

Fritidsbustaden skaffa dei seg først og fremst på grunn av barna. I og rundt hytta skal det gro fram gode minne for Lilly Helene på åtte og Magnus på fire.

Rune og sambuaren har hytte i eit kjempesvært hyttefelt som ligg dandert rundt Sirdal skisenter. Paret var samde om at dei ville eiga hytta sjølv. Ho skulle vera heilt ny og ligga kloss i vegen.

Frå hytta ser Rune rett opp i skitrekket. Han søker ofte tilflukt til Sirdal. Foto: Fredrik Refvem

Kvar ligg hytta til Rune Bjerga?

Det er vanskeleg å orientera seg i hyttemylderet, så me stoppar bilen ved eit eldre par som ruslar tur denne litt gråe laurdagen i november.

– Veit de kvar Rune Bjerga har hytte?

Det veit dei, på ein prikk. Paret peiker og forklarer inngåande kor komikaren held til.

Då me parkerer, ser me ein fyr med skyggelue stå med ein kaffikopp i handa og kikka ut eit av alle vindauga som han er blitt så glad i.

Ikkje lenge etter er karen å sjå ved inngangsdøra der ein struttande julekrans har fått plass. Familien har nemleg planar om å vera på hytta fleire dagar i juleferien.

Utanfor hytta er det stor terrasse, men Rune ristar heftig nektande på hovudet på spørsmål om han eller sambuaren driv med handy-aktivitetar på hytta.

– Overhovudet ikkje, det ville du i så fall ha sett. Skulle eg laga noko med hendene, ville det skilt seg ut på ein mindre bra måte, hevdar Rune.

– Hytta har nokre element frå Ålhytten i seg. Typisk for denne hyttetypen er lange vindauga og ei blanding av små og store vindusflater som slepp inn eit flott lys, forklarer han.

Komikar Rune Bjerga har berre hatt hytte i Sirdal sidan vinterferien, men har alt rukke å bli veldig glad i hytta, naboane og hyttefeltet. I sommarferien fekk familien tid til å bu seg inn. Foto: Fredrik Refvem
Brettspel er ein klassikar på hytta, og det gjeld naturlegvis om å vinna. Lilly Helene og Magnus tek tapet med fatning. Foto: Fredrik Refvem

Digital underhaldar

Lena og Rune var altså ferske hytteeigarar og hyttebrukarar då pandemien stengde landet ned i mars. Lena har jobb som flyvertinne i Norwegian. Rune er komikar og sjølvstendig næringsdrivande. Hytteforbodet var nå ein ting, men kor lenge ville dei ha jobb?

På Runes telefon fossa avbestillingane inn, men han var ikkje lenge i oisann-modus, og året har gått over all forventning. Fleire kundar betalte for jobbane som ikkje blei noko av, i tillegg heiv Rune seg rundt og blei ein heildigital underhaldar på null komma null.

– Seinast i går hadde eg underhaldning for ein kunde der tilsette sat heime kvar for seg og såg på det digitale showet mitt. Det er litt spesielt å stå og snakka ut i lause lufta, så eg plar be ein 10-12 om å unmuta, slik at eg har litt latter som drivstoff, forklarer han.

Samstundes starta han med vanlege førestillingar att same dag det blei lov å eit visst tal menneske i eit lokale. Slik berga han inntening og levebrød.

Men kunne ei flyvertinne halda seg flygande?

– Eg har faktisk jobba heile tida etter nedstenginga, og eg veit eg er heldig, for mange kollegaer i Norwegian har vore permitterte og er det framleis. Ein periode hadde me berre sju av 160 fly i lufta. På enkelte flygingar var det kanskje ikkje meir enn tre passasjerar når det stod på som verst, fortel Lena.

– No er selskapet inn ei ein ny utfordrande situasjon, så det blir berre å ta ein dag om gongen og håpe folk vil flyge med oss, seier ho.

Forstova nede er helst i bruk på kveldstid når barna har lagt seg. Dei er ennå så små at dei føretrekk at foreldra er i same etasje som dei, både på dagtid og kveldstid. Foto: Fredrik Refvem
Dei fekk hjelp til interiøret på hytta. Rune sa han ønskte ein stil som ga han lyst på raudvin. Då forstod møbelfirmaet straks kva han meinte. Foto: Fredrik Refvem
Fargane i hytta er rolege og neddempa og spelar på lag med treverket i tak, golv og veggar, Foto: Fredrik Refvem

Kvit sofa på hytta?

Både Lena og Rune vil ha det funksjonelt og lettvint, men også fint på hytta. Heldigvis er dei utstyrte med nokolunde same smak. Men svigermor til Rune tok dissens på sofaen.

Ein kvit sofa på hytta var ho svært skeptisk til, fortel Rune, men til dags dato er den enno like liljekvit som innkjøpsdagen.

Hytta var reist då Rune og Lena kom inn i bildet, men innomhus er det paret som har fått styra korleis det skal sjå ut.

– Me har gått rundt og peika og forklart korleis me vil ha det, sidan me ikkje kan gjera slikt arbeid sjølv. Same kva folk seier, det er deilig med nytt, legg Rune til.

Han viser oss rundt i ei hytte med mørke panelte veggar og eikeparkett. Det var viktig å innreda hytta slik at dei fekk den ekte hyttefølelsen. Rune ville ha ei hytte som gir han lyst på eit glas raudvin når han kjem inn.

Hytta er rustikt møblert.

– Det var viktig for oss at dette skal sjå ut som ei hytte, så me lunte det heile litt ned gjennom val av fargar og material, seier han med bremmen på skyggelua rett til værs, der han smyg seg rundt i sitt ferske ferieparadis.

Den kvite sofaen sjokkerte Runes svigermor, men ennå er den ikkje flekka til. Foto: Fredrik Refvem
På dei to bada i hytta har dei vald vekk fliser for å kunna kjenna at dei er på hytta. Vaskemaskin og tørketrommel kan gøymast bak ei skyvedør. Foto: Fredrik Refvem
Rune vaks opp med hytteliv og gode minne. Den arven vil han gi vidare til sine eigne barn. Her ser me sonen Magnus. Foto: Fredrik Refvem

Gata er full av barn

Paret si hytte ligg nesten inst i vegen og øvst i rekka av hytter som tronar over Beinesvatnet. Gata er asfaltert, og hyttene ligg like tett som i eit byggefelt i byen. Det einaste som bryt byggefeltkjensla, er torvtaka.

– Det er akkurat slik me vil ha det, med bilveg heilt fram. Me kan vel seie det så sterkt, at hytta måtte liggje her, elles så hadde det ikkje blitt hytte i Sirdal.

– Både Lena og eg er sosiale menneske, men barna er den viktigaste grunnen til at me ville ha hytte i felt. Her skal me gi dei gode minne. Då er dei ein stor fordel at gata er full av barn på same alder. I tillegg ligg me kloss i skitrekket. Staden har mange kjekke tilbod året rundt. Dessutan har me Beinesvatnet like nedanfor kor me kan fiska eller padla rundt i kanoar, fortel Rune.

Han har stort tolmod når det gjeld fisking og kan sitje i timevis og vente på napp.

I enden av stova har barna Lilly Helene og Magnus si eiga leikestove som er svært mykje i bruk. Foto: Fredrik Refvem
Lilly Helene på åtte og Magnus på fire har kvar sitt soverom, men likar godt å sova på same rom. Panel går igjen i alle rom. Foto: Fredrik Refvem
Foreldresoverommet ligg i første etasje og er så heldig å vera utstyrt med lyden frå ein bekk på utsida. Foto: Fredrik Refvem
Å vera omringa av tre gir hyttekjensle, meiner Rune og Lena. Dette er gjestesoverommet. Foto: Fredrik Refvem

Hovden blei for langt unna

Frå hytta har familien panoramautsikt både over Beinesvatnet, men også til skibakkane i trekket, som no ligg gule og fuktige og ventar på snø. I desse bakkane likar Rune å springa. Det er tungt, men ekstremt syrefullt og effektivt. Han spring også i langrennstraseane.

Rune har hytteliv i blodet. I barndommen ferierte han med familien både på Høle og i Hellvik. Å dra inn til ei firmahytte på Fister var også populært.

Ein periode åtte også Lena og Rune ei tomt på Grønvik på Fister, men fordi dei ikkje var heilt nøgde med plasseringa, selde dei henne igjen.

I fleire år reiste paret til Hovden for å nyta fjellivets gleder. I 2015 kjøpte dei hytte her, men etter kvart fann dei ut at over fem timar kvar veg blei for langt i ei vanleg helg. Slik enda dei opp i Sirdal, ein time og tjue minutt unna Stavanger.

Ikkje snøfresar

Med såpass kort reiseveg er det ikkje så farleg om det blir litt seint på fredagen før dei kjem seg av garde. Dessutan er det sjeldan kolonnekøyring og fare for å bli innesnødde i Sirdal, påpeiker dei to.

For Rune var Sirdal heime. Han kjenner mange med hytte her. Lena er frå Sandeid og hadde knapt vore i Sirdal. For henne var fjelliv Hovden, Røldal eller Seljestad. Men også ho er blitt svært glad i Sirdal.

Om vinteren kan det bli mykje snø, men familien har ikkje investert i snøfresar fordi dei har høyrt fresaren kan øydelegga terrasseborda. Dessutan tykkjer dei det er greitt å jobba seg inn til hytta ein vinterdag. Samstundes kan familien laga snøholer og snølykter av snøen som pakkar seg rundt hytta.

God plass til klede og skiutstyr er viktig på ei hytte, synes både Rune og Lena som likar å ha det ryddig og fint rundt seg. Foto: Fredrik Refvem
Barometeret er eit minne etter mormora og morfaren til Rune. På baksida står det skrive 1965 med blyant. Foto: Fredrik Refvem

Friminutt frå koronaen

Ei nabodame kommenterer julekransen. Ho har sjølv laga krans av lyng. Smil og gemyttlege ord flyg over vegen, dette er Lyckliga gatan på sirdalsk.

Skyggelua peikar framleis rett opp. Lena står og danderer lys på kransen. Fotografen smyg seg rundt. Rune vaknar til live eit augneblikk.

– Har du hive lysa på kransen? spør Rune.

– I desse tider kjennest det som eit friminutt å komma hit, å kunna dra frå byen med alle dei triste overskriftene om korona. Lufta er annleis i Sirdal, sjølv om me ikkje er så langt heimanfrå. Av og til har eg til og med dratt opp hit for å bruka hytta som heimekontor. Å sitja her med pc-en og kaffien, det kjennest godt, understrekar han.

Og det blir heilt sikkert fleire hyttehelger før jul, forsikrar Lena og Rune.

Utemøblane er kjøpte lokalt. Det gir ei god kjensle å støtta det lokale næringslivet, meiner Rune og Lena. Foto: Fredrik Refvem